"You are here: "

You are here

Eidsvikstranda, Tennfjord

Eidsvika er kjent for si lune plassering inst i Grytafjorden. Her er 11 eksklusive sjølveigarleilegheiter med smakfulle og nøye planlagde løysingar under oppføring. Lavblokka har ei fantastisk flott plassering like ved sjøen i Eidsvika i Tennfjord. Svært sentralt, samtidig som den ligg i eit fredeleg, vakkert og urørt område.

Dette er andre byggetrinn, og tilsvarande blokk på nabotomta er ferdig bygd og innflytta. Interessa for leilegheiter i Eidsvika er svært stor, og av dei 11 leilegheitene i blokk B er berre ei ledig. Prosjektet ligg like ved fjordkanten, og alle leilegheitene får gode, private terrassar og panoramautsikt mot hav og himmel. Blokka er sørvendt, slik at sola får spele fritt på terrassane. Leilegheitene er nøye planlagt for å kunne gi kvar seksjon best mogleg planløysing, solforhold og tilrettelegging.

Framfor blokka er det opparbeidd ein fin og opplyst strandpromenade. Inst inne i vika ligg Eidsviksanden, ei flott og tiltalande badestrand. Lavblokkene er ein del av ei samla utbygging som består av lavblokker, einebustadar, rekkehus m.m., og vil bli ein del av eit lokalsamfunn med bustader for folk i alle livsfaser. Med kort køyretid både til Brattvåg, Moa og Ålesund er Eidsvika ein attraktiv stad å bu også for folk utanfor Haram kommune.

Last ned prospekt