"You are here: "

You are here

Korsveggarden

I Korsveggarden har vi ein flott, romsleg tomannsbustad på ei særdeles fin tomt med nydeleg, vestvendt utsikt og svært gode solforhold. Bustaden har tiltalande fasadar med fine, lave vindusløysingar på stovedelen. Dette slepp inn mykje lys, samtidig som ein kjem opp frå bakkenivå, og er skjerma for innsyn. Leilegheitene har ein stor og flott terrasse over carporten, i tillegg til altan på framsida av bustaden. Leilegheit nr. 1 er seld og innflytta, leilegheit nr. 2 lengst mot sør er ledig. Denne er no ferdig, og vert levert klar til innflytting.

Leilegheita har eit innvendig BRA på 117 m². BRA inkludert utvendig areal, bod og carport er 146,5 m². Carport på heile 27,2 m², og sportsbod i bakkant av carport 5,7 m². Underetasjen inneheld to soverom, gang/trapperom, bod, bad og separat vaskerom. Carport med separat sportsbod i bakkant. Første etasje inneheld stove/kjøkken, soverom, bad og gang/trapperom. Utgang frå stove til stor terrasse med nydeleg utsikt. Kvar leilegheit har si eiga innkøyring med sin eigen separate parkeringsplass. Uteområdet er delt slik at kvar leilegheit disponerer sin del av tomta, og får sitt private hageareal både på framsida, baksida og på sida av bustaden.  Her er godt med areal til parkering, og både veg- og parkeringsareal er ferdig asfaltert.

 

more_hus_-_korsveggarden

Media Folder: