"You are here: "

You are here

Remevegen, Skodje - SOLGT

Midt i Skodje sentrum har vi under oppføring to tomannsbustader på eineståande og solrike utsiktstomter. Bustadene ligg omlag 100 meter sør for miljøgata og har flott utsikt mot fjord og fjell. Dette er romslege bustader med innvendig bruksareal på heile 132,5 m². I tillegg har kvar leilegheit 5,1m² bod ved hovudinngang. Parkeringsplass i carport på 17 m2 med tilhøyrande bodareal på 5,4 m2 er også med i leveransen. Eksteriørmessig vil bygga få ei eksklusiv tilpassing med valma takkonstruksjon, lyse fasadar med store vindaugsflater for eit moderne uttrykk.

Bustadene vert levert med rullestoltilpassa hovudplan med trinnfri inngang og utgang frå stove/kjøkken til delvis overbygd terrasse.