"You are here: "

You are here

Korsveggarden, einebustad, bygg 4

Nøkkelferdig einebustad straks klar for innflytting! På ei stor tomt med utsikt og gode solforhold er vi snart heilt ferdig med ein moderne einebustad med svært gode tekniske kvalitetar, høg standard og innebygd garasje. Einebustaden har ei svært praktisk planløysing med 4 soverom, kjøkken, stove, kjellarstove og bad i begge etasjar. Hovudinngang i 1. etg. frå gardsplass på nordsida, samt inngang direkte frå garasje til vaskerom. Den vil vere perfekt for til dømes aktive barnefamiliar.

Bustaden har eit innvendig BRA på 176,4 m², BRA inkl. utvendig areal, bod og garasje er på 208,6 m². Første etasje inneheld tre soverom, kjellerstove, bad, hall/trapp, vindfang, bod og vaskerom. Andre etasje inneheld stove, kjøkken, soverom, bad og gang/trapperom. Her er utgang frå stove til stor terrasse med støypt plate som ligg over garasja. Bustaden har flott fasade med store vindauge mot sør som slepp inn mykje lys, samtidig som ein kjem opp frå bakkenivå og er skjerma for innsyn.

Her får du og ei stor flott tomt på heile 736,4 m², som er utskilt med eige gards- og bruksnummer. Tomta ligg i lett skråande terreng, noko som gjev gode moglegheiter for opparbeiding av uteområde og ein triveleg, privat hage. Her er privat innkøyrsle med god tilkomst og rikeleg med plass til parkering på eigedomen.

Bustaden ligg i eit roleg og barnevenleg område midt i Skodje sentrum. Gangavstand til daglegvare, butikkar, barnehage, barne- og ungdomsskule, idrettsanlegg, kulturhus, treningssenter, offentleg kommunikasjon m.m.  Flott turområde i nærleiken med mange moglegheiter uansett årstid. Køyretid med bil til Moa er omlag 15 minutt, til Ålesund sentrum 25 minutt.

more_hus_-_korsveggarden

Media Folder: