"You are here: "

You are here

Korsveggarden Terrasse

Vi har no kun ei leilegheit igjen for sal i Korsveggarden Terrasse, eit nytt leilegheitsbygg med 11 attraktive sjølveigarleilegheiter med fantastisk utsikt og perfekt plassering i Skodje sentrum. Denne er 106 m² BRA og har tre soverom. Bygget ligg på ei flott tomt med svært gode sol- og utsiktsforhold, sentral plassering med gangavstand til alle sentrumsfasilitetar, kort avstand til sjøen og fjøra og til badeplassen i Murvika. Det er også flott turterreng, oppkøyrde skiløyper, lysløype m.m. i nærområdet.

Alle leilegheitene er sørvendte med gode terrassar med panoramautsikt mot fjord og fjell. Leilegheitene er nøye planlagt for å kunne gi kvar seksjon best mogleg planløysing, solforhold og tilrettelegging. Eigedomen har lukka parkeringsanlegg i underetasjen, der kvar leilegheit har ein eller to parkeringsplassar og separat sportsbod.

Last ned prospekt