"You are here: "

You are here

Korsveggarden, einebustad, bygg 2 (solgt)

I Korsveggarden på Skodje har vi ein tiltalande og attraktiv einebustad med garasjedel for sal. Denne ligg på ei særdeles god og solrik tomt. Bustaden er godt utnytta med heile fire soverom. Her er praktiske løysingar som til dømes hovudinngang i første etasje frå gardsplassen, samt inngang direkte frå garasje til vaskerom. I tillegg er bustaden godt utnytta med heile fire soverom. Dette gjer at den vil vere  perfekt for den aktive barnefamilien eller andre som har behov for god plass.

Bustaden har eit innvendig BRA på 173,3 m², BRA inkl. utv. areal, bod og garasje er 204,6 m². Første etasje inneheld tre soverom, vindfang, gang/trapperom, bod, bad og vaskerom. Andre etasje inneheld stove, kjøkken, soverom, bad og gang/trapperom. Utgang frå stove til stor terrasse som ligg over garasjen. Bustaden har flott fasade med store vindauge mot sør som slepp inn mykje lys, samtidig som ein kjem opp frå bakkenivå og er skjerma for innsyn.

Bustaden vert i utgangspunktet levert klar til eigeninnsats med maling, tapetsering, flislegging og golvlegging. Om ein ønskjer å få bustaden levert klar til innflytting kan vi få utført dette arbeidet etter avtale.

Stor flott tomt på heile 767,1 m² som er utskilt med eige gards- og bruksnummer. Tomta har fin utsikt og gode solforhold og ligg i lett skråande terreng, noko som gir gode moglegheiter for opparbeiding av uteområde og ein triveleg, privat hage. Bustaden har privat innkøyrsle og god tilkomst.

more_hus_-_korsveggarden

Media Folder: