"You are here: "

You are here

Reiten byggefelt, Vatne

Vi er no i gang med bygginga av ein kjempefin vertikaldelt tomannsbustad i Reiten byggefelt på Vatne. Bustaden har svært praktiske leilegheiter med alt på eit plan. Her er fleire tilleggskvalitetar som til dømes overbygd inngangsparti, stor markterrasse i trykkimpregnert treverk og støypt rampe for enkel tilkomst med barnevogn, rullestol m.m.

Leilegheita vert levert klar til innflytting med høg standard, mellom anna parkett på golv i alle tørre rom, flislagte veggar og golv på bad, flislagt golv på bod og ferdig behandla og malte glatte gipsveggar. Fin kjøkkeninnreiing og baderomsinnreiing, vegghengt toalett med skjult sisterne, skyvedørsgarderobe med dører i klart speil i entre, garderobeskap på soverom m.m. er inkludert i leveransen. Kort veg til barneskule, barnehage, daglegvare, treningssenter, bank, bibliotek, kafe og gatekjøkken/storkiosk.

Kvar leilegheit inneheld stove/kjøkkendel, to soverom, gang, bad og bod/vask. I tillegg har kvar leilegheit ein parkeringsplass i frittståande carport samt separat sportsbod i carporten. Bustaden ligg i eit forholdsvis nyetablert bustadfelt med einebustader på sørsida av Vatnevegen i retning Krogsætra. Fin utsikt ut over Vatnevatnet, og avstand til Vatne sentrum om lag ein halv kilometer.

Vi leverer bustaden klar til innflytting med høg standard. Her er ein kortversjon av kva bustaden inneheld:

  • Balansert ventilasjon med varmegjenvinning
  • Flott kjøkkeninnreiing
  • Baderomsinnreiing
  • Varmekabel på bad og i ytre del av entrè
  • Ferdig kvitmåla vindu og kvitmåla balkongdør
  • Kvitmåla ytterdør med glasfelt
  • Innvendig listverk og foringar ferdig kvitmåla
  • Utvendig listverk og foringar ferdig kvitmåla
  • Utvendig bordkledning og listverk ferdig grunna med oljebeis
  • Komplett elementpipe ferdig oppført og pussa
  • Rør i rør system
  • Frostsikker utekrane
  • Parkeringsplass på 17m2 i carport
  • Sportsbod på 5m² i carport
  • Stor markterrasse i trykkimpregnert treverk
  • Levegg i trykkimpregnert treverk som vist på teikning
  • Støypt rampe ved inngangsparti
  • Takoverbygg ved inngangsparti
  • Grovplanert uteområde og ferdig grusa veg og biloppstillingsplass

 

Last ned prospekt