"You are here: "

You are here

Tennfjordtunet 3, leilegheiter i 4-mannsbustader

I Tennfjorden fortset vi suksessen. Vi er no godt i gang med oppføringa av tre firemannsbustader på ei attraktiv tomt i tilknytning til bustadfeltet Tennfjordneset i Haram kommune. Dette blir solrike og flotte leilegheiter med sørvendt utsikt mot fjord og fjell. Leilegheiter i 1. etasje har markterrasse, og vil disponere utearealet som ligg rett framfor og ved sida av leilegheitene som sitt private areal. Leilegheiter i 2. etasje har god balkong, og det vert sett opp leveggar som vist på teikning.

Tennfjord er ein del av Haram kommune som er i stor utvikling, og har hatt god befolkningsvekst dei seinare åra. Området er utbygd med einebustadar og fleirmannsbustadar, og er ein del av eit lokalsamfunn med bustadar for folk i alle livsfasar. Svært sentralt med gangavstand til barnehage, barneskule, ungdomskule, butikkar, idrettsanlegg og Eidet kulturhall m.m. Nydeleg natur og mange flotte turstiar i nærområdet.

Dette er svært prisgunstige leilegheiter på 78 m2 med god planløysing med stove/kjøkken, to soverom, gang, bad og innvendig bod.  Fin kjøkken- og baderomsinnreiing, parkett, flislagt bad med varmekablar, vegghengt toalett, skyvedørsgarderobe i entrè, garderobeskap på soverom m.m. er med i leveransen. Sjå prisliste under som også viser kva for leilegheiter som er ledige.