"You are here: "

You are here

Eidsvikstranda blokk C

project-image

I Eidsvika, sørvendt inst i Grytafjorden, kjem eit eksklusivt knippe sjølveigarleilegheiter med gjennomført smakfulle og nøye planlagde løysingar. Leilegheitsprosjektet ligg like ved fjordkanten, og kvar av dei 8 leilegheitene får panoramautsikt mot hav og himmel. Her får ein årstidene i all si prakt like utanfor vindauga samstundes som ein trygt og komfortabelt kan nyte dagane i ein lys, moderne og lettstelt bustad. 

Eidsvika er kjent for si lune plassering i landskapet. Alle leilegheitene får gode, private terrassar som nyttar dei naturgjevne kvalitetane på ein framifrå måte. Lavblokka er sørvendt, og solstrålane får dermed fritt spelerom inn på dei romslege terrassane. Framføre bustadane ligg ein flott og opplyst strandpromenade. Inst inne i vika ligg Eidsviksanden, ei fin og tiltalande sandstrand der du kan bade om sommaren, eller ta eit isbad på sjølve nyttårsdagen.

Dette er den siste av i alt tre lavblokker som vert ført opp i Eidsvika i Tennfjorden, og dermed siste sjanse til å sikre seg ei leilegheit i sjøkanten i dette unike området. Blokka vert bygd på rekke med dei to andre blokkene, med same sjønære, sørvendte og solrike plasseringa. Dette vil garantert verte eit praktbygg på ei særdeles flott tomt. Lavblokka har ei svært sentral plassering, med kort køyretid både til Moa, Ålesund og Brattvåg, samtidig som den ligg i eit fredeleg, vakkert og urørt omåde med panoramautsikt mot fjord og fjell.

Forventa oppstart av grunnarbeid er haust/vinter 2017, og forventa ferdigstilling er vinter/vår 2019. Prislista under viser kva for leilegheiter som framleis er ledige. Sjå også prospektet under, samt fleire perspektiv av den nye lavblokka og bilder frå Eidsvika lengre nede på denne sida. For meir informasjon, ta kontakt med Jofrid Hatlehol.

Last ned prospekt
  • 8Boliger
  • 3Ledige
  • 5Solgt

Nærområdet

Eidsvika

Eidsvika ligg like ved Tennfjorden og er ein del av Haram kommune. Svært sentralt med berre 25 minutt køyretid til Ålesund sentrum via Ellingsøya, og 17 minutt til Moa. Til Brattvåg som er kommunesenteret i Haram 10 minutt.

Plassering

Gangavstand til barnehage, barneskule, ungdomsskule, daglegvarebutikkar, div. andre butikkar, Eidet omsorgssenter, idrettsanlegg, Eidet kulturhall, bensinstasjon, legekontor, tannlege med meir.

Prosjektet

Dette er den tredje og siste av dei tre planlagte lavblokkene ved fjordkanten i Eidsvika. Her er no for salg åtte kjempefine leilegheiter med panoramautsikt mot fjord og fjell. Alle vil få ein eller to parkeringsplassar i underetasjen.

Standard

Leilegheitene vert levert nøkkelferdige og klar til innflytting med god standard og moderne fasilitetar.

Bilder fra Eidsvikstranda blokk C

Eidsvikstranda blokk C - salgsoversikt

Salgsinformasjon

Jofrid Hatlehol

Mob: 970 12 140 E-post: jofrid@morehus.no

Svein Arne Skotheim

Mob: 917 87 052 E-post: svein@morehus.no