"You are here: "

You are here

Nilsgarden, leilegheiter i 4-mannsbustader

project-image

Leilegheiter i 4-mannsbustader er tradisjonelt ein svært attraktiv bustadtype. Den eignar seg for fleire aldersgrupper – like bra for dei godt vaksne som flyttar frå einebustad som for single og unge par som er på jakt etter ein god stad å etablere seg.

Dette er praktiske leilegheiter som inneheld entre/gang, to soverom, stue/kjøkken, bod og bad/vaskerom. Alle leilegheiter har parkeringsplass i carport med eiga sportsbod i bakkant. Carportane vert plassert på eit eige område sør for bustadane. Leilegheitene har utgang frå stue til terrasse. Terrassane til leilegheitene i 1. etasje vert bygd med tredekke og rekkverk. Terrassedekket er tett, slik at leilegheiter i underetasjen får overbygg/tak over sin terrassedel. Delar av hage er eksklusivt areal for leilegheiter i underetasjen. Den første 4-mannsbustaden nærmar seg no ferdigstilling, og i løpet av februar 2018 vil dei første kunne flytte inn i si splitter nye leilegheit.

Arealet er lokalisert bak bank/treningssenter, og bustadane vert bygd i sør- og vestvendt helling med svært gode sol- og utsiktsforhold. Nilsgarden vil få ei heilheitleg planlegging for å skape eit mest mogleg balansert og godt bumiljø. Her kjem også einebustader, leilegheiter i lavblokk, 2-mannsbustader og rekkehus. For meir informasjon, ta kontakt med Jofrid Hatlehol.

Last ned prospekt
  • 16Boliger
  • 6Ledige
  • 10Solgt

Nærområdet

Plassering

Gangavstand til butikkar, barnehage, barne- og ungdomsskule, kulturhus, legekontor, sjukeheim, treningssenter, bank og busstopp med meir. Svært sentralt med om lag 15 minutt køyretid til Moa og 25 minutt til Ålesund sentrum.

Nilsgarden

Nilsgarden er vårt nye bustadområde med perfekt plassering midt i Skodje sentrum. Her vil vi bygge ut attraktive bustader for folk i alle faser i livet. Bustadene vil få gode solforhold og fin utsikt over fjord og fjell.

Skodje

Skodje kommune ligg svært sentralt i Ålesundsregionen, og grensar til Ålesund i vest, Haram i nord, Vestnes i nord-aust, Ørskog i aust og Sykkylven over fjorden i sør. Frå 2020 blir Skodje ein del av storkommunen Ålesund.

Trivsel

I Nilsgarden er vi opptekne av å lage gode, grøne og spanande uteareal. Det er lagt opp til fleire leikeplasser og gode sosiale møtestader der barna kan boltre seg og dei vaksne bli kjende med sine nye naboer.

Bilder fra Nilsgarden, leilegheiter i 4-mannsbustader

Nilsgarden, leilegheiter i 4-mannsbustader - salgsoversikt

Salgsinformasjon

Jofrid Hatlehol

Mob: 970 12 140 E-post: jofrid@morehus.no

Svein Arne Skotheim

Mob: 917 87 052 E-post: svein@morehus.no