"You are here: "

You are here

Nilsgarden, einebustader

project-image

Om din bustaddraum er ein romsleg, moderne og frittliggande einebustad med garasje, eigen hage og storslått utsikt, så byr Nilsgarden på to gode moglegheiter. Begge einebustader er planlagde med fire soverom, men er fleksible slik at du kan få ei ekstra stue eller kanskje eit kinorom.

Arbeidet med opparbeiding av vegar og tekniske anlegg for dette området midt i Skodje sentrum er no godt som fullført. Arealet er lokalisert bak bank/treningssenter, og bustadane skal byggast i sør- og vestvendt helling med svært gode sol- og utsiktsforhold. Nilsgarden vil få ei heilheitleg planlegging for å skape eit mest mogleg balansert og godt bumiljø. Her kjem også leilegheiter i lavblokk, 4-mannsbustader, 2-mannsbustader og einebustader i kjede. Det nærmar seg byggestart for dei første bustadane. For meir informasjon, ta kontakt med Jofrid Hatlehol.

Last ned prospekt
  • 2Boliger
  • 2Ledige
  • 0Solgt

Nærområdet

Plassering

Gangavstand til butikkar, barnehage, barne- og ungdomsskule, kulturhus, legekontor, sjukeheim, treningssenter, bank og busstopp med meir. Svært sentralt med om lag 15 minutt køyretid til Moa og 25 minutt til Ålesund sentrum

Nilsgarden

Nilsgarden er vårt nye bustadområde med perfekt plassering midt i Skodje sentrum. Her vil vi bygge ut attraktive bustader for folk i alle faser i livet. Bustadene vil få gode solforhold og fin utsikt over fjord og fjell.

Skodje

Skodje kommune ligg svært sentralt i Ålesundsregionen, og grensar til Ålesund i vest, Haram i nord, Vestnes i nord-aust, Ørskog i aust og Sykkylven over fjorden i sør. Frå 2020 blir Skodje ein del av storkommunen Ålesund.

Trivsel

I Nilsgarden er vi opptekne av å lage gode, grøne og spanande uteareal. Det er lagt opp til fleire leikeplasser og gode sosiale møtestader der barna kan boltre seg og dei vaksne bli kjende med sine nye naboer.

Bilder fra Nilsgarden, einebustader

Nilsgarden, einebustader - salgsoversikt

Salgsinformasjon

Jofrid Hatlehol

Mob: 970 12 140 E-post: jofrid@morehus.no

Svein Arne Skotheim

Mob: 917 87 052 E-post: svein@morehus.no