"You are here: "

You are here

Nilsgarden, einebustader i kjede

project-image

Desse einebustadene er kjeda saman med garasje og ei stor bod på cirka 27 m2, som ikkje er rekna i bruksarealet. Bustadene er tiltalande og innhaldsrike, og har fokus på det praktiske. Inngangspartiet ligg på nordsida i hovudetasjen. Det er direkte innkøyring i carporten med sportsbod i bakkant. Sportsboden har vidare gjennomgang til terrassen på sørsida av bustaden. Her får du altså meir plass enn vanleg ved denne typen bustad. Kva med å innreie boda som eit hobbyrom, treningsrom eller kanskje eit biljardrom? Dette er fleksible bustader med ei smart planløysing  – grip sjansen!

Arealet er lokalisert bak bank/treningssenter, og bustadane skal byggast i sør- og vestvendt helling med svært gode sol- og utsiktsforhold. Nilsgarden vil få ei heilheitleg planlegging for å skape eit mest mogleg balansert og godt bumiljø. Her kjem også einebustader, 4-mannsbustader, 2-mannsbustader og leilegheiter i lavblokk. Dei første bustadane i feltet er no under oppføring. For meir informasjon, ta kontakt med Jofrid Hatlehol.

 

Last ned prospekt
  • 5Boliger
  • 5Ledige
  • 0Solgt

Nærområdet

Plassering

Gangavstand til butikkar, barnehage, barne- og ungdomsskule, kulturhus, legekontor, sjukeheim, treningssenter, bank og busstopp med meir. Svært sentralt med om lag 15 minutt køyretid til Moa og 25 minutt til Ålesund sentrum.

Nilsgarden

Nilsgarden er vårt nye bustadområde med perfekt plassering midt i Skodje sentrum. Her vil vi bygge ut attraktive bustader for folk i alle faser i livet. Bustadene vil få gode solforhold og fin utsikt over fjord og fjell.

Skodje

Skodje kommune ligg svært sentralt i Ålesundsregionen, og grensar til Ålesund i vest, Haram i nord, Vestnes i nord-aust, Ørskog i aust og Sykkylven over fjorden i sør. Frå 2020 blir Skodje ein del av storkommunen Ålesund.

Trivsel

I Nilsgarden er vi opptekne av å lage gode, grøne og spanande uteareal. Det er lagt opp til fleire leikeplasser og gode sosiale møtestader der barna kan boltre seg og dei vaksne bli kjende med sine nye naboer.

Bilder fra Nilsgarden, einebustader i kjede

Nilsgarden, einebustader i kjede - salgsoversikt

Salgsinformasjon

Jofrid Hatlehol

Mob: 970 12 140 E-post: jofrid@morehus.no

Svein Arne Skotheim

Mob: 917 87 052 E-post: svein@morehus.no