"You are here: "

You are here

Nilsgarden, sjølveigarleilegheiter

project-image

NIlsgarden Terrasse er ei lavblokk med 10 sjølveigarleilegheiter. No er det kun få igjen for sal!

Alle leilegheitene er sørvende med store terrassar og flott utsikt mot fjord og fjell. I tillegg har kvar leilegheit to biloppstillingsplassar og sportsbod i lukka parkeringskjellar. Det er heis frå parkeringskjellar til begge bustadplan. Kvar leilegheit inneheld stove/kjøkken, 2 eller 3 soverom, gang, bad, separat WC og innvendig bod. Leilegheitene vert levert klar til innflytting med god standard, mellom anna ferdig malt gipshimling og gipsveggar, parkett på golv, kjøkkeninnreiing frå Sigdal, skyvedørsgarderobe med dører i speil på gang og flislagt bad med vegghengt toalett, dusjveggar og fin baderomsinnreiing. Forventa ferdigstilling er april/mai 2018.

Arbeidet med opparbeiding av vegar og tekniske anlegg for dette området midt i Skodje sentrum er no godt som fullført. Arealet er lokalisert bak bank/treningssenter, og bustadane skal byggast i sør- og vestvendt helling med svært gode sol- og utsiktsforhold. Nilsgarden vil få ei heilheitleg planlegging for å skape eit mest mogleg balansert og godt bumiljø. Her kjem også einebustader, 4-mannsbustader, 2-mannsbustader og einebustader i kjede, og det nærmar seg byggestart for dei første bustadane. For meir informasjon, ta kontakt med Jofrid Hatlehol.

 

Last ned prospekt
  • 10Boliger
  • 3Ledige
  • 7Solgt

Nærområdet

Plassering

Gangavstand til butikkar, barnehage, barne- og ungdomsskule, kulturhus, legekontor, sjukeheim, treningssenter, bank og busstopp med meir. Svært sentralt med om lag 15 minutt køyretid til Moa og 25 minutt til Ålesund sentrum.

Nilsgarden

Nilsgarden er vårt nye bustadområde med perfekt plassering midt i Skodje sentrum. Her vil vi bygge ut attraktive bustader for folk i alle faser i livet. Bustadene vil få gode solforhold og fin utsikt over fjord og fjell.

Skodje

Skodje kommune ligg svært sentralt i Ålesundsregionen, og grensar til Ålesund i vest, Haram i nord, Vestnes i nord-aust, Ørskog i aust og Sykkylven over fjorden i sør. Frå 2020 blir Skodje ein del av storkommunen Ålesund.

Trivsel

I Nilsgarden er vi opptekne av å lage gode, grøne og spanande uteareal. Det er lagt opp til fleire leikeplassar og gode sosiale møtestader der barna kan boltre seg og dei vaksne bli kjende med sine nye naboer.

Nilsgarden, sjølveigarleilegheiter - salgsoversikt

Salgsinformasjon

Jofrid Hatlehol

Mob: 970 12 140 E-post: jofrid@morehus.no

Svein Arne Skotheim

Mob: 917 87 052 E-post: svein@morehus.no