"You are here: "

You are here

Vatneeidet 2-mannsbustad

project-image

På ei kjempefin tomt på Vatneeidet med strålande utsikt over Vatnebygda skal vi snart starte bygginga av ein ny 2-mannsbustad.  Dette er tilsvarande bustad som vi har under oppføring på nabotomta der begge leilegheiter no er selde. Bustaden har tiltalande fasadar med lave vindusløysingar slik den flotte utsikta verkeleg kjem til sin rett. Bustaden eignar seg for fleire aldersgrupper - like bra for dei godt vaksne som flyttar frå einebustaden for å få ein enklare kvardag som for den unge familien som treng plass å vekse i.

Bustaden har svært praktiske leilegheiter med god planløysing. Innvendig bruksareal er på 120,3 m2 pr. leilegheit. Første etasje inneheld stor stove- og kjøkkendel, bad, gang/trapperom og bod. Det er utgang fra stove til trebalkong. I underetasjen er her 3 soverom, bad/vaskerom, gang/trapperom og bod. Utgang fra eine soverommet til markterrasse og hage. Gode parkeringsplassar på nordsida, og enkel tilkomst frå kommunal veg.

I og med at dette er ein tomannsbustad får begge leilegheiter godt med uteareal både framfor bustaden og på sida. Om ønskjeleg kan vi mot pristillegg sette opp carport saman med bustaden der kvar av leilegheitene får ein parkeringsplass. Dersom kjøpar kjem tidleg inn i prosessen er det mogleg å gjere tilpasningar både i planløysing og leveranse. Mellom anna kan kvar leilegheit få 4 soverom dersom carport vert bygd samtidig med bustaden, dette fordi bodareal kan flyttast til bod i bakkant av carporten.

2-mannsbustaden vil få ei svært sentral plassering i eit godt etablert bustadområde. Gangavstand til daglegvare, div. andre butikkar, busstopp, Eidet kulturhall, Eidet omsorgssenter, ungdomsskule, barnehage, legekontor, tannlege, fysioterapi, treningssenter, frisør, Pizzabaker`n, bensinstasjon med gatekjøkken m.m. I tillegg er det kort køyretid til både Ålesund, Moa, Digerneset og Brattvåg, dette gjer Vatneeidet til ein svært attraktiv stad å bu. For meir informasjon ta kontakt med Jofrid Hatlehol.

  • 4Boliger
  • 2Ledige
  • 2Solgt

Nærområdet

Vatneeidet

Vatneeidet ligg i grensa mellom Tennfjord og Vatne, og er ein del av Haram kommune. Svært sentral med berre 25 minutt køyretid til Ålesund sentrum via Ellingsøya, og 17 minutt til Moa. Til Brattvåg som er kommunesenteret i Haram 10 minutt.

Plassering

Gangavstand til daglegvare, div. andre butikkar, busstopp, Eidet kulturhall, Eidet omsorgssenter, ungdomsskule, barnehage, legekontor, tannlege, fysioterapi, treningssenter, frisør, Pizzabaker`n, bensinstasjon med gatekjøkken m.m.

Prosjektet

Dette er den siste av i alt to 2-mannsbustader som vi skal føre opp på Vatneeidet. Første 2-mannsbustaden er allereie komt opp, og begge leilegheitene i den er solgt. Planlagt oppstart av denne andre bustaden er november -17, og berekna ferdigstilling er september -18.

Standard

Leilegheitene vert levert klar til overtakelse til eigeninnsats med sparkling, maling/tapetsering, flislegging og golvlegging, men kan mot tillegg leverast heilt eller delvis klar til innflytting.

Bilder fra Vatneeidet 2-mannsbustad

Vatneeidet 2-mannsbustad - salgsoversikt

Salgsinformasjon

Jofrid Hatlehol

Mob: 970 12 140 E-post: jofrid@morehus.no