"You are here: "

You are here

Nye einebustader like ved barneskule og barnehage

project-image

To frittliggande einebustader med carport straks klar til oppføring på svært sentrale tomter i det nyetablerte byggefeltet Vallegrenda på Valle. Svært praktisk planløysing med 4 soverom, kjøkken/stue, loftsstue, vaskerom, bod og bad i begge etasjar. Hovudinngang i 1. etasje frå gardsplass på austsida. Frittståande carport med sportsbod vert levert saman med bustaden. Perfekt for til dømes den aktive barnefamilien som har vokse ut av bustaden dei bur i, eller for den som ønskjer seg ein mindre og meir lettstelt bustad enn den dei har i dag.

Bustadene ligg like ved Valle barnehage og Valle barneskule, og vil få ei fin plassering i Vallegrenda bustadfelt. Digerneset næringspark ligg berre 3 minutt frå Valle med bil, og er eit knutepunkt med butikkar, tilbod og arbeidsplassar. Her har skjedd ei formidabel utbygging dei siste åra, og det er i tillegg gjort avtalar med fleire store aktørar om ei framtidig utbygging som vil gjere området endå meir attraktivt. Kort avstand til Ålesund og omegn. Køyretid til Moa omlag 12 minutt, og Ålesund sentrum omlag 22 minutt.

Dette er første byggetrinn, og inneheld dei to første einebustadene av i alt fire. Tomtene er utskilt med eige gards- og bruksnummer, og har privat innkøyrsle med god tilkomst og godt med parkeringsareal.

 

 

Nærområdet

Bilder fra Nye einebustader like ved barneskule og barnehage

Nye einebustader like ved barneskule og barnehage - salgsoversikt

Salgsinformasjon

Jofrid Hatlehol

Mob: 970 12 140 E-post: jofrid@morehus.no

Thomas Terøy

Mob: 488 43 939 E-post: thomas@morehus.no