"You are here: "

Om Møre Hus

Hus er vår fortid, vår framtid og vår sjel. Hus er vår historie.

Historia om Møre Hus AS starta i 1997, då vi etablerte oss i produksjonslokala til gamle Vatne Lenestol i Vatne sentrum. Vår målsetting var å tilby eit lokalt kvalitetsprodukt som var tilpassa det tøffe og barske klimaet vi har på Nord- Vestlandet. Vi vart raskt den leiande leverandøren av særprega einebustader og prosjektbustader i vårt distrikt, og har sidan starten hatt ei eventyrleg utvikling. To gonger har bedrifta blitt kåra til Gaselle-bedrift, og vi har i dag høgste rating for kredittvurdering.

Kvart år kan ca. 40 nye kundar på Sunnmøre flytte inn i eit nytt Møre Hus – alt frå enkle og praktiske småhus, til storslåtte og detaljrike villaer.

Ettersom selskapet vaks, og fleire vart tilsette, flytta Møre Hus AS i 2007 inn i eige og moderne forretningsbygg på Vatneeidet i Haram kommune. Vi er i dag ni fast tilsette, og sysselset om lag 30 lokale snikkarar i distriktet.

Møre Hus AS har eit nært samarbeid med Øster Hus AS i Sandnes, som er kjent for planlegging av detaljrike og spennande hustypar. Dette samarbeidet har både inspirert oss og utvikla oss. Vi er stolte av produktet Møre Hus, og vi er stolte av våre dyktige medarbeidarar, alle med høg kompetanse og fagkunnskap. Når alle våre tilsette også har lang fartstid og erfaring i firmaet, har vi lagt grunnlaget for å levere kvalitetsbustader.

Møre Hus AS har ein god og sunn økonomi, som er svært viktig for ei god og trygg gjennomføring av byggeprosjekta. Mykje har endra seg dei siste åra, men vår målsetting om å vektlegge kvalitet står fast!

Verdiar

Vi i Møre Hus legg stor vekt på å vise kundane våre omsorg og omtanke. Byggefasen er hektisk, og dei fleste opplever at dei må ta stilling til mykje på kort tid. Vi deler gjerne vår kunnskap når ulike val skal takast. Gjennom mange års erfaring har vi sett verdien av å utarbeide rutinar for at nødvendig informasjon skal kome fram til rett tid. På denne måten gir vi kundane informasjon og tryggleik undervegs, samtidig som vi sikrar at detaljane blir ivaretatt.

Vedlegg: