Vi er årets forhandlar i heile Systemhus-kjeda!
Vi har fått prisen som årets forhandlar i heile Systemhus-kjeda!
Vi i Møre Hus AS er svært stolte av å ha mottatt prisen som årets forhandlar i heile Systemhus-kjeda, som består av 110 medlemsbedrifter. Prisen vart utdelt på Systemhus si årlege kongress sist veke.
"Dette er ein gjev pris for oss, som heng svært høgt, då den er eit resultat av målretta arbeid i heile vår organisasjon," seier Jan-Magnus Knudsen, dagleg leiar i Møre Hus AS.
Her er prisen overlevert til dagleg leiar Jan-Magnus Knudsen og fagleg leiar Bjørn Sætre i Møre Hus AS frå kjededirektør Trond Lie i Systemhus (foto: Svein Erik Knoff).
"Årets forhandlar for 2022 er ein dominerande bustadseljar i sitt lokale marknad. Gjennom utstrakt tomtekjøp og tomteutvikling, kombinert med eneboligsal, har bedrifta hatt jevn og høg boligsal i ei årrekke. Fokus på kundetilfredsheit har gitt bedrifta høg score på nasjonale kundetilfredsheitsmålingar," sa kjededirektør Trond Lie under utdelinga.
Møre Hus AS feirar i år 25 år sidan oppstarten og har sidan bygd nesten 1000 bustader på Sunnmøre. Over 2000 menneske bur i eit Møre Hus. Selskapet har for tida høg aktivitet med større utbyggingar både i Skodje, Ørskog, Vestnes og Ålesund.
"Å vinne ein slik pris er ein stor motivasjon og inspirasjon til å stå på vidare i vårt arbeid," seier Knudsen, som deler prisen med alle dei 11 tilsette i selskapet.
For kontakt: Jan Magnus Knudsen tlf. 996 27 993.
Vi blei også kåra til å ha dei mest fornøgde kundane i Systemhus-kjeda i 2020. Les meir om kåringa her: https://morehus.no/kundetilfredshet.
Møre Hus AS feirar i år 25 år sidan oppstarten og har sidan bygd nesten 1000 bustader på Sunnmøre. Over 2000 menneske bur i eit Møre Hus. Selskapet har for tida høg aktivitet med større utbyggingar både i Skodje, Ørskog, Vestnes og Ålesund.