Bakken Vestnes, leilegheit i 2-mannsbustad

Flott romsleg leilegheit i tomannsbustad på særdeles fin tomt ved Fagerbakken på Vestnes. Dette er den siste av i alt tre 2-mannsbustader i feltet (bygg 7). Trearbeidet er no i gang, og planlagt ferdigstilling er september -22. Bustaden ligg i eit idyllisk område med gode solforhold, og har nydeleg utsikt mot fjord og fjell. Bustaden har tiltalande fasadar med store vindauge på stuedel som slepp inn mykje lys. Utgang frå kjøkken til kjempefin stor terrasse som ligg over carport og sportsbod. Her er rikeleg med plass til utemøblar og uteliv. Med soverom og bad i begge etasjar er det skapt ei funksjonell inndeling til dømes for dei som har ungdommar i hus. Det eine soverommet kan sjølvsagt også nyttast som TV-stue om ein ønskjer det.
Leilegheita vert levert klar til eigeninnsats med sparkling, maling/tapetsering, flislegging og golvlegging, men om ønskjeleg kan leilegheita leverast heilt eller delvis klar til innflytting etter nærare avtale. Om ein kjem inn i prosessen no er her gode moglegheiter for å sette sitt personlege preg på leilegheita ved til dømes å velje kjøkken- og baderomsinnreiing, type flis, type golv og fargar på veggane. Dette er den siste 2-mannsbustaden i feltet, og leilegheit 1 er solgt og leilegheit 2 er ledig. Bileta lengre nede på sida er frå den første 2-mannsbustaden som vart bygd (bygg 5).
Bustadfeltet Bakken ligg i tilknytning til eit allereie etablert bustadområde, og har flott utsikt mot Leirvikbukta og Vestnes sentrum. Her er det solrikt og landleg, samtidig som det er sentrumsnært. I Bakken er vi opptekne av å skape eit triveleg bustadområde. Vi har derfor lagt vekt på å lage gode, grøne uteareal. Vi har også opparbeida ein felles leikeplass i feltet der barna kan boltre seg og dei vaksne kan bli kjende med sine nye naboar.
Vestnes har eit flott fjordlandskap med gode vilkår for friluftsliv. Kommunen er omkransa av vide skogar med idylliske sætrar og gamle skogsvegar, snaufjell og toppar med vidt utsyn. Vestnes kommune ligg midt i fylket med kort avstand til Molde, Ålesund og Åndalsnes. Fleire prospekt og bilete av tilsvarande 2-mannsbustad finn ein lengre nede på sida.
- 6Boliger
- 1Ledig
- 5Solgt