Tomt nr. G. Nr. Tomteareal m2 Pris
1691/1161 005Solgt
2691/117723730 000
3691/118842730 000
4691/1191 001840 000

I det nye bustadfeltet Iden like ved den nye barne- og ungdomsskulen har vi tre ledige einebustadtomter. Tomtene ligg øvst i feltet, og her kan kjøpar enten velge hus frå våre huskatalogar, eller vi kan spesialteikne huset akkurat slik du ønskjer det. Tomtene er svært solrike med kveldssol, og ligg usjernert til i eit allereie etablert og roleg bustadområde.

Det er gangavstand til Sjøholt sentrum som har eit svært breitt og variert servicetilbod. Kulturhus, kafè, treningssenter, lege, tannlege, bank og fleire daglegvarebutikkar med meir. Her er også småbåthavn, populære badestrender og mange turstiar. Ørskogfjellet er berre 10 minutt unna, og byr på fjellturar for ein kvar smak, og med fantastiske skiforhold om vinteren. Sjøholt er ei naturperle, og sentrum ligg omkransa av spektakulære fjell og med ei mektig utsikt utover Storfjorden. Heile året byr området rundt Sjøholt på rekreasjon og opplevingar i storslått og variert natur.

Det er den gamle idrettsplassen med kallenamnet Iden som no er regulert til bustadføremål. I tidlegare tider har området vore nytta til mellom anna idrettsaktivitetar, utstillingar og plattingdans, og no skal området igjen fyllast med liv og leik. Byggearbeidet med fleirmannsbustadane i feltet er no ferdig, og leilegheitene er overtatt av kjøparane. Midt i feltet er det opparbeidd ein stor leikeplass med god plass for mange forskjellige typar aktivitetar. Her er det plassert rasteplassbenkar, leikeapparat, sandkasse og dissestativ, og har blitt ein fin samlingsplass for både store og små.

Adkomts: Køyr E136 til Sjøholt sentrum. Ta av ved Shellstasjonen, og køyr vidare mot idrettsanlegg og Sjøholt skule. Følg Prestegardsvegen forbi skulen, ta av ved Idenvegen, og køyr denne vegen til endes. Einebustadtomtene ligg på ei rekke heilt øvst i feltet. Sjå fleire bilete, prisliste og kart lengre nede på denne sida for prisar og kva for tomter som er ledige.

Jan-Magnus Knudsen

Dagleg leiar

jan-magnus@morehus.no

996 27 993

Jan-Magnus Kontaktskjema

"*" indicates required fields

Dokumenter & lenker