"You are here: "

You are here

Iden Sjøholt - leilegheiter i 4-mannsbustad

project-image

I det nye bustadfeltet Iden like ved den nye barne- og ungdomsskulen er vi no godt i gang med byggearbeidet på den første av i alt tre 4-mannsbustader. Iden bustadfelt har ei perfekt plassering berre eit par hundre meter frå skulen, den kommunale barnehagen og idrettsanlegget. Tomtene er svært solrike, og ligg usjenert til i eit allereie etablert og roleg bustadområde.

4-mannsbustadene har eit moderne uttrykk med ein stram arkitektur. Her er store homogene flater i same fargar og materialar, og mange av kvalitetane har arkitekten valgt å framheve ved å bruke fargar og materialar. Skråtaket gir bustaden eit uttrykk som er både moderne og tidlaust på same tid. Leilegheitene inneheld stue/kjøkken, to soverom, gang, bad, innvendig bod og utebod. Alle leilegheiter har utgang til balkong eller markterrasse, og innsynet mellom naboane er skjerma av skilleveggar mellom leilegheitene. Kvar av leilegheitene har ein parkeringsplass i carport der ein kan plassere bilen i le for vèr og vind. Sportsbodene ligg på sida av bustaden tett opp til inngangspartiet til leilegheitene slik ein har enkel tilgang både når ein kjem frå utsida og innsida. Veg og parkeringsareal vil verte asfaltert i samband med ferdigstilling av prosjektet.

Det er gangavstand til Sjøholt sentrum som har eit svært breitt og variert servicetilbod. Kulturhus, kafè, treningssenter, lege, tannlege, bank og fleire daglegvarebutikkar med meir finn du her. Ørskogfjellet er berre 10 minutt unna, og byr på fjellturar for ein kvar smak, og med fantastiske skiforhold om vinteren. Sjøholt er ei naturperle, og sentrum er omkransa av spektakulære fjell og ei mektig utsikt utover Storfjorden. Heile året byr området rundt Sjøholt på rekreasjon og opplevingar i storslått og variert natur.

Det er den gamle idrettsplassen med kallenamnet Iden som no er regulert om til bustadføremål. I tidlegare tider har området vore nytta til mellom anna idrettsaktivitetar, utstillingar og plattingdans. Det er no klart for oppføring av de første nye bustadene, og området skal igjen fyllast med liv og leik.

Adkomst: Køyr E136 til Sjøholt sentrum. Ta av ved Shellstasjonen, og køyr vidare mot idrettsanlegg og Ørskog Skule. Følg Prestegardsvegen forbi skulen, ta av ved Idenvegen, og køyr denne vegen til endes til du ser feltet på venstre side av vegen.

Sjå også fleire perspektiv av bustaden og bilete lengre nede på denne sida, samt prisliste som viser kva for leilegheiter som er ledige.

 

Klikk her for Finn-annonse

 

 

 

  • 12Boliger
  • 5Ledige
  • 7Solgt

Nærområdet

Plassering

Like ved den nye skulen, den kommunale barnehagen og idrettsanlegget. Gangavstand til butikkar, kulturhus, legekontor, tannlege, treningssenter, bank og busstopp m.m. Svært sentralt med om lag 25 minutt køyretid til Moa og 35 minutt til Ålesund sentrum.

Iden byggefelt

Iden er vårt nye bustadområde med perfekt plassering midt i Sjøholt sentrum. Bustadane vil få svært gode solforhold med kveldssol, og ligg usjenert til i eit allereie etablert bustadområde.

Sjøholt

Sjøholt er ein del av nye Ålesund kommune, og ligg midt i fylket med kort avstand til både Ålesund og Molde. Sjøholt er omkransa med nydeleg natur. Ørskogfjellet er berre 10 minutt unna, og byr på fjellturar for ein kvar smak, og flotte skiforhold om vinteren. Heile året byr området rundt Sjøholt på rekreasjon og opplevingar i storslått og variert natur.

Trivsel

Sjøholt har eit flott fjell- og fjordlandskap med gode vilkår for friluftsliv. Ein variert natur gir gode føresetnader for ulike aktivitetar for alle. Her er også eit veldig godt og aktivt idretts- og kulturmiljø med mange ulike tilbod.

Bilder fra Iden Sjøholt - leilegheiter i 4-mannsbustad

Iden Sjøholt - leilegheiter i 4-mannsbustad - salgsoversikt

Salgsinformasjon

Jofrid Hatlehol

Mob: 970 12 140 E-post: jofrid@morehus.no