"You are here: "

You are here

Iden - husbankfinansierte einebustader med utleigedel

project-image

Moderne einebustader i nordisk stil med moglegheit for utleige. Bustadene har ein tiltalande fasade, med store vindauge i stue og kjøkken med ei takhøgde opptil 4 m som gir ein særdeles luftig og god romfølelse. Bustadene er planlagt med 4 soverom, der eit av dei er i hybel. Her kan kjøpar velge om ein ønsker å leige ut hybel eller bruke denne delen som eigen del etter behov. Bustadene ligg på ei solrik tomt i eit roleg og etablert bustadområde. Frå soverom har ein eigen utgang for å nyte morgonsola, og terrassen har sol fra morgon til kveld. Elles inneheld bustadene 2 bad, 2 sportsboder, bod, open stue/kjøkken for hybel-del, entre og carport. Bustadene er innhaldsrike og har fokus på det praktiske. Dei passer perfekt for den unge familien som vil ha god plass å vekse i.

Det er gangavstand til Sjøholt sentrum som har eit svært breitt og variert servicetilbod. Kulturhus, kafè, treningssenter, lege, tannlege, bank og fleire daglegvarebutikkar med meir. Her er også småbåthavn, populære badestrender og mange turstiar i nærområdet. Ørskogfjellet er berre 10 minutt unna, og byr på fjellturar for ein kvar smak, og med fantastiske skiforhold om vinteren. Sjøholt er ei naturperle, og sentrum ligg omkransa av spektakulære fjell og med ei mektig utsikt utover Storfjorden. Heile året byr området rundt Sjøholt på rekreasjon og opplevingar i storslått og variert natur.

Bustadene vert levert klar for eigeninnsats med sparkling, maling, tapetsering, flislegging og legging av golv. Kjøparane vil sjølv kunne bestemme flis, parkett, innvendige fargar, utførelse på trapp, kjøkkeninnreiing og baderomsinnreiing m.m. Pris fra kr 6 060 000,- + dokumentavgift ca. kr 20 000,-

Sjå også fleire perspektiv lengre nede på denne sida. Ta gjerne kontakt med Trygve Storlykken for utfyllende informasjon.

Klikk her for Finn-annonse

  • 3Boliger
  • 3Ledige
  • 0Solgt

Nærområdet

Plassering

Tomtene ligg like ved den nye skulen, den kommunale barnehagen og idrettsanlegget. Gangavstand til butikkar, kulturhus, legekontor, tannlege, treningssenter, bank og busstopp m.m. Svært sentralt med om lag 25 minutt køyretid til Moa og 35 minutt til Ålesund sentrum.

Iden byggefelt

Iden er eit nytt bustadfelt med perfekt plassering midt i Sjøholt sentrum. Bustadane vil få svært gode solforhold med kveldssol, og ligg usjenert til i eit allereie etablert bustadområde.

Sjøholt

Sjøholt er ein del av nye Ålesund kommune, og ligg midt i fylket med kort avstand til både Ålesund og Molde. Sjøholt er omkransa av nydeleg natur. Ørskogfjellet er berre 10 minutt unna, og byr på fjellturar for ein kvar smak, og med flotte skiforhold om vinteren. Heile året byr området rundt Sjøholt på rekreasjon og opplevingar i storslått og variert natur.

Trivsel

Sjøholt har eit flott fjell- og fjordlandskap med gode vilkår for friluftsliv. Ein variert natur gir gode føresetnader for ulike aktivitetar for alle. Her er også eit veldig godt og aktivt idretts- og kulturmiljø med mange ulike tilbod.

Bilder fra Iden - husbankfinansierte einebustader med utleigedel

Iden - husbankfinansierte einebustader med utleigedel - salgsoversikt

Salgsinformasjon

Trygve Storlykken

Trygve Storlykken

Mob: 986 44 699 E-post: trygve@morehus.no