"You are here: "

You are here

Kjempefine tomter like ved skule og idrettsanlegg

project-image

I det nye bustadfeltet Iden like ved den nye barne- og ungdomsskulen har vi ledige einebustadtomter. Tomtene ligg øvst i feltet, og her kan kjøpar enten velge hus frå våre huskatalogar, eller vår dyktige arkitekt kan spesialteikne huset akkurat slik ein ønskjer det. Tomtene er svært solrike med kveldssol, og ligg usjernert til i eit allereie etablert og roleg bustadområde.

Det er gangavstand til Sjøholt sentrum som har eit svært breitt og variert servicetilbod. Kulturhus, kafè, treningssenter, lege, tannlege, bank og fleire daglegvarebutikkar med meir. Her er også småbåthavn, populære badestrender og mange turstiar. Ørskogfjellet er berre 10 minutt unna, og byr på fjellturar for ein kvar smak, og med fantastiske skiforhold om vinteren. Sjøholt er ei naturperle, og sentrum ligg omkransa av spektakulære fjell og med ei mektig utsikt utover Storfjorden. Heile året byr området rundt Sjøholt på rekreasjon og opplevingar i storslått og variert natur. 

Det er den gamle idrettsplassen med kallenamnet Iden som no er regulert til bustadføremål. I tidlegare tider har området vore nytta til mellom anna idrettsaktivitetar, utstillingar og plattingdans, og no skal området igjen fyllast med liv og leik. Byggearbeidet i det nye feltet er godt i gang, og dei første bustadane er allereie innflytta. Midt i feltet er det opparbeidd ein stor leikeplass med god plass for mange forskjellige typar aktivitetar. Her er det plassert rasteplassbenkar, leikeapparat, sandkasse og dissestativ, og har blitt ein fin samlingsplass for både store og små.

Adkomts: Køyr E136 til Sjøholt sentrum. Ta av ved Shellstasjonen, og køyr vidare mot idrettsanlegg og Sjøholt skule. Følg Prestegardsvegen forbi skulen, ta av ved Idenvegen, og køyr denne vegen til endes. Einebustadtomtene ligg på ei rekke heilt øvst i feltet, og her er tre ledige tomter. Sjå fleire bilete, prisliste og kart lengre nede på denne sida for prisar og kva for tomter som er ledige. 

Klikk her for Finn-annonse

  • 4Boliger
  • 3Ledige
  • 1Solgt

Nærområdet

Bilder fra Kjempefine tomter like ved skule og idrettsanlegg

Kjempefine tomter like ved skule og idrettsanlegg - salgsoversikt

Salgsinformasjon

Rolf-Kåre Ingebrigtsen

Rolf-Kåre Ingebrigtsen

Mob: 936 23 299 E-post: rolf@morehus.no