"You are here: "

You are here

Moderne og innhaldsrike einebustader i rekke med panoramautsikt

project-image

I Nihusbakken på Skodje er vi no i gang med bygginga av dei første einebustadane i rekke. Dette er flotte og moderne bustader på fantastisk flotte tomter med carport/utebod mellom kvar bustad. Dei første bustadane er allereie selt (bygg 3), men vi starter straks neste bygg (bygg 1), så det er berre å ta kontakt. Bustadane har tiltalande fasadar med fine, høge vindauge på stua slik utsikta verkeleg kjem til sin rett. Med denne løysinga får alle sin eigen private bustad utan å vere heilt vegg i vegg med naboen.

Bustadane er innhaldsrike, og har fokus på det praktiske. Inngangspartiet ligg på nordsida i hovudetasjen, og ved sidan av inngangspartiet er det direkte innkøyring til carport med sportsbod i bakkant. Sportsboden har vidare gjennomgang til balkongen på sørsida av bustaden. Alle bustader har sitt private hageareal på framsida.

Dette er bustader med eit moderne uttrykk og ei smart planløysing. I hovudetasjen er det stue/kjøkken, eit stort soverom, hall/trapperom og WC. Utgang frå stue til sørvendt balkong. I underetasjen er her to soverom, bad, vaskerom, gang/trapperom og to innvendige boder. I tillegg kjem den store utvendige boda som ligg under carporten og som har tilkomst både frå innvendig bod og utanfrå. Her får du altså meir plass enn vanleg ved denne typen bustad. Bustaden har eit innvendig bruksareal på 113,3 m², og bruksareal inkl. carport og boder er 166,1 m².

Bustadfeltet Nihusbakken ligg i hjartet av Skodje med kort veg til sentrumsfunksjonane. Dette er ein av dei lunaste og mest solrike plassane på Skodje, og kan by på ei fantastisk utsikt til både fjord og fjell. Området ligg under fjellfoten der stien til Nihusen startar, og vi er no inne i sluttfasen av ei etterlengta utbygging der målet er å skape eit godt bumiljø for alle. 

  • 9Boliger
  • 6Ledige
  • 3Solgt

Nærområdet

Nihusbakken

Nihusbakken er vårt nye bustadområde med ei heilt spesiell plassering under fjellfoten der stien til Nihusen startar. Feltet ligg så høgt i terrenget at ein vil få ei fantastisk flott utsikt over Skodjebygda og mot fjord og fjell. I tillegg er her svært gode solforhold, og området ligg lunt og fint til opp i sida.

Plassering

Gangavstand til butikkar, barnehagen, barne- og ungdomsskule, kulturhus, legekontor, sjukeheim, treningssenter, busstopp m.m. Svært sentralt med om lag 5 minutt køyretid til Digerneset, 15 minutt til Moa og 25 minutt til Ålesund sentrum.

Skodje

Skodje ligg svært sentralt i nye Ålesund kommune, og med kort avstand til det meste. Skodje er omkransa av nydeleg natur, og har gode vilkår for friluftsliv både på sjø og land. Ein variert natur gir gode føresetnader for ulike aktivitetar for alle. Skodje er kjent for å ha eit veldig godt og aktivt miljø for idrett og kultur.

Trivsel

I Nihusbakken bustadfelt er det sett av fleire mindre uteområder til felles leikeplassar. Her vil vi sette opp leikeapparat og benkar slik barna kan boltre seg og dei vaksne bli kjende med sine nye naboar. I tillegg har du eit flott turterreng like utanfor husveggen.

Bilder fra Moderne og innhaldsrike einebustader i rekke med panoramautsikt

Moderne og innhaldsrike einebustader i rekke med panoramautsikt - salgsoversikt

Salgsinformasjon

Jofrid Hatlehol

Mob: 970 12 140 E-post: jofrid@morehus.no