Nilsgarden, einebustader i rekke

Kjempefine moderne einebustader i rekke med carport og utebod mellom kvar bustad i Nilsgarden bustadfelt i Skodje sentrum. Med denne løysinga får alle sin eigen private bustad utan å vere heilt vegg i vegg med naboen. Bustadene har tiltalande fasadar med fine, lave vindauge på stue/kjøkken som gir godt med lys i rommet.
Bustadene er innhaldsrike, og har fokus på det praktiske. Inngangspartiet ligg på nordsida i hovudetasjen, og ved sidan av inngangspartiet er det direkte innkøyring til carport med sportsbod i bakkant. Sportsboden har vidare gjennomgang til balkongen på sørsida av bustaden. Alle bustader har sitt private hageareal på framsida, bustad 10A og 10E har i tillegg hageareal på sida.
Dette er bustader med eit moderne uttrykk og ei smart planløysing. I hovudetasjen er det stor stue med kjøkkendel, eit stort soverom, hall/trapperom og WC. Utgang frå stue til sørvendt balkong. I underetasjen er her to soverom, bad, vaskerom, gang/trapperom og to innvendige boder. I tillegg kjem den store utvendige boda som ligg under garasjen. Her får du altså meir oppbevaringsplass enn vanleg ved denne typen bustad. Bustaden har eit innvendig bruksareal på 113,3m², og bruksareal inkl. carport og boder er 166,1m².
Det er bustad 10A og 10D som framleis er ledig, og vi er no i gang med å ferdigstille desse to siste bustadane. Prisen i prislista gjeld ferdig bustad klar til innflytting.
Skodje har eit flott fjordlandskap med gode vilkår for friluftsliv, og Nilsgarden bustadfelt ligg svært landleg til samtidig som det er sentralt og kort veg til det meste. Arealet er lokalisert bak treningssenter, og bustadane er plassert i sør- og vestvendt helling med svært gode sol- og utsiktsforhold. Gangavstand til alle sentrumsfasilitetar som butikkar, barnehage, barne- og ungdomsskule, kulturhus, omsorgssenter, legekontor, treningssenter m.m. Flott turterreng, skiløyper, idrettsanlegg og golfbane m.m. i nærområdet. Digerneset næringspark er berre nokre minutt unna med bil, køyretid til Moa 15 minutt og til Ålesund sentrum 25 minutt.
Sjå også fleire perspektiv av bustaden og teikningar lengre nede på denne sida.
For meir informasjon, ta kontakt med Jofrid Hatlehol.
- 5Boliger
- 2Ledige
- 3Solgt