"You are here: "

You are here

Nilsgarden, Skodje

project-image

Nilsgarden er eit nytt bustadfelt med perfekt plassering midt i Skodje sentrum. Her bygg vi attraktive bustader for folk i alle faser i livet. Arealet er lokalisert bak bank/treningssenter, og bustadane har sør- og vestvendt helling med svært gode sol- og utsiktsforhold. 

Området er planlagt med mange ulike typar bustader for å skape eit mest mogleg balansert og godt bumiljø. Her er einebustader, 4-mannsbustader, 2-mannsbustader, rekkehus og ei lavblokk med ti leilegheiter. Mange av bustadane er no ferdige og overtatt av kjøperane, og det er lagt planar for ei vidare utbygging.

Skodje har eit flott fjordlandskap med gode vilkår for friluftsliv. Kommunen er omkransa av vide skogar med idylliske sætrar og gamle skogsvegar, snaufjell og toppar med vidt utsyn. I tillegg ligg Skodje svært sentralt med om lag 15 minutt køyretid til Moa og 25 minutt til Ålesund Sentrum. Den sentrale plasseringa gjer at Skodje er ein svært attraktiv bukommune. Her bur ein nær både natur og by, og har kort veg til ein stor arbeidsmarknad i og omkring kommunen. For meir informasjon, ta kontakt med Jofrid Hatlehol.

Sjå brosjyre for Nilsgarden her

 

  • Boliger
  • Ledig
  • Solgt

Nærområdet

Plassering

Gangavstand til butikkar, barnehage, barne- og ungdomsskule, kulturhus, legekontor, sjukeheim, treningssenter, bank og busstopp med meir. Svært sentralt med om lag 15 minutt køyretid til Moa og 25 minutt til Ålesund sentrum.

Nilsgarden

Nilsgarden er vårt nye bustadområde med perfekt plassering midt i Skodje sentrum. Her bygg vi attraktive bustader for folk i alle faser i livet. Bustadene har gode solforhold og fin utsikt over fjord og fjell.

Prosjektet

Nilsgarden inneheld alle typer bustader, alt frå leilegheiter i lavblokk, 4-mannsbustad og 2-mannsbustad til rekkehus og frittståande einebustader. Meir informasjon om dei ulike bustadtypene finn ein i prospektet vårt for Nilsgarden og under fana "Til salgs".

Bilder fra Nilsgarden, Skodje

more_hus_-_nilsgarden

Media Folder: 

Nilsgarden, Skodje - salgsoversikt

Interessert? Ta kontakt:

Jofrid Hatlehol

Mob: 970 12 140 E-post: jofrid@morehus.no

Svein Arne Skotheim

Mob: 917 87 052 E-post: svein@morehus.no