"You are here: "

You are here

Nilsgarden, 2-mannsbustader

project-image

Flotte romslege leilegheiter i ny tomannsbustad på ei særdeles fin tomt med nydeleg utsikt og gode solforhold.  2-mannsbustaden går over to plan, og har stor terrasse og eigen garasje med sportsbod i bakkant. Bustaden har tiltalande fasade med fine, lave vindusløysingar slik at utsikta verkeleg kjem til sin rett. Med soverom og bad i begge etasjar er det skapt ei funksjonell inndeling til dømes for dei som har ungdommar i hus. Det eine soverommet kan sjølvsagt òg nyttast som TV-stue om ein ynskjer det. Bustaden har ei fin plassering i feltet, og har flott utsikt mot fjord og fjell.

Dette er den siste av i alt tre 2-mannsbustader i feltet, og er merka bygg 8 på situasjonskartet. Leilegheitene i dei to første bustadene er selde og overtatt av kjøperane (bygg 7 og bygg 9). Men vi har framleis to ledige leilegheiter i den siste 2-mannsbustaden. Leilegheit nr. 1 vert levert klar til innflytting, og forventa ferdigstilling er januar/februar 2020. Leilegheit nr. 2 vert levert klar til eigeninnsats med sparkling/maling/tapetsering, flislegging og golvlegging, og ferdigstilling i henhold til nærare avtale.

Arealet er lokalisert bak bank/treningssenter, og bustaden er oppført i sør- og vestvendt helling med svært gode sol- og utsiktsforhold. Nilsgarden bustadfelt har ei heilheitleg planlegging for å skape eit mest mogleg balansert og godt bumiljø. Feltet inneheld både einebustader, 2-mannsbustader, 4-mannsbustader, leilegheiter i lavblokk og einebustader i kjede. For meir informasjon, ta kontakt med Jofrid Hatlehol.

Klikk her for Finn-annonse

Last ned prospekt
  • 6Boliger
  • 2Ledige
  • 4Solgt

Nærområdet

Plassering

Gangavstand til butikkar, barnehage, barne- og ungdomsskule, kulturhus, legekontor, sjukeheim, treningssenter, bank og busstopp med meir. Svært sentralt med om lag 15 minutt køyretid til Moa og 25 minutt til Ålesund sentrum.

Nilsgarden

Nilsgarden er vårt nye bustadområde med perfekt plassering midt i Skodje sentrum. Her vil vi bygge ut attraktive bustader for folk i alle faser i livet. Bustadene vil få gode solforhold og fin utsikt over fjord og fjell.

Skodje

Skodje kommune ligg svært sentralt i Ålesundsregionen, og grensar til Ålesund i vest, Haram i nord, Vestnes i nord-aust, Ørskog i aust og Sykkylven over fjorden i sør. Frå 2020 blir Skodje ein del av storkommunen Ålesund.

Trivsel

I Nilsgarden er vi opptekne av å lage gode, grøne og spanande uteareal. Det er lagt opp til fleire leikeplasser og gode sosiale møtestader der barna kan boltre seg og dei vaksne bli kjende med sine nye naboer.

Bilder fra Nilsgarden, 2-mannsbustader

Nilsgarden, 2-mannsbustader - salgsoversikt

Salgsinformasjon

Jofrid Hatlehol

Mob: 970 12 140 E-post: jofrid@morehus.no

Svein Arne Skotheim

Mob: 917 87 052 E-post: svein@morehus.no