Nilsgarden, einebustader i kjede

Kjempefine einebustader i rekke med garasje og utebod mellom kvar eining på ei særdeles flott tomt i Nilsgarden i Skodje sentrum. Med denne løysinga får alle sin eigen private bustad utan å vere heilt vegg i vegg med naboen. Bustadene er tiltalande og innhaldsrike, og har fokus på det praktiske. Inngangspartiet ligg på nordsida i hovudetasjen, og det er direkte innkøyring til garasje med sportsbod i bakkant. Sportsboden har vidare gjennomgang til terrassen på sørsida av bustaden. Her får du altså meir plass enn vanleg ved denne typen bustad. Kva med å innreie boda som eit hobbyrom, treningsrom eller kanskje eit biljardrom? Dette er fleksible bustader med ei smart planløysing – grip sjansen!
I hovudetasjen er det stor stue med kjøkkendel, eit soverom, hall/trapperom og WC. Utgang frå stove til sørvendt balkong. I underetasjen er her to soverom, bad, vaskerom, gang/trapperom og to innvendige boder. I tilleg kjem den store utvendige boda som ligg under garasjen.
Arealet er lokalisert bak bank/treningssenter, og bustadane skal byggast i sør- og vestvendt helling med svært gode sol- og utsiktsforhold. Nilsgarden bustadfelt har ei heilheitleg planlegging for å skape eit mest mogleg balansert og godt bumiljø. Dei fleste bustadane er no ført opp, og feltet inneheld både einebustader, 4-mannsbustader, 2-mannsbustader og leilegheiter i lavblokk. For meir informasjon, ta kontakt med Jofrid Hatlehol.
- 5Boliger
- 5Ledige
- 0Solgt