"You are here: "

You are here

Nilsgarden Terrasse, nye sjølveigarleilegheiter med store terrassar klar til innflytting

project-image

Nilsgarden Terrasse er ei lavblokk med 10 sjølveigarleilegheiter på ei fantastisk utsikstomt midt i Skodje sentrum. To nye, moderne og støkne leilegheiter med store terrassar og to parkeringsplasser i garasje er framleis ledige.

Lavblokka ligg på ei særdeles flott tomt med svært gode solforhold heilt øvst i feltet. Alle leilegheitene er sørvende med store terrassar og flott utsikt mot fjord og fjell. Kvar leilegheit inneheld stove/kjøkken, 2 eller 3 soverom, gang, bad, separat WC og innvendig bod. I tillegg har kvar leilegheit to biloppstillingsplassar og sportsbod i lukka parkeringskjellar. Det er heis frå parkeringskjellar til begge bustadplan. Leilegheitene er sjølveigarleilegheiter der kvar leilegheit får skøyte på si leilegheit.

Leilegheitene er no klar til innflytting, og vert levert med god standard. Her er mellom anna ferdig malt gipshimling og gipsveggar, parkett på golv, kjøkkeninnreiing frå Sigdal, skyvedørsgarderobe med dører i speil på gang, og badet er flislagt med vegghengt toalett, dusjveggar og fin baderomsinnreiing.  Pr. dato er leilegheit nr. 3 og nr. 5 ledig. Sjå teikningar av leilegheitene og prisliste under.

Det nye bustadfeltet Nilsgarden er lokalisert midt i Skodje sentrum, like bak bank/treningssenter. Feltet har ei heilheitleg planlegging for å skape eit mest mogleg balansert og godt bumiljø. I tillegg til lavblokka vil feltet innehalde einebustader, 2-mannsbustader, 4-mannsbustader og einebustader i kjede. Kort veg til det meste, og gangavstand til alt du treng i det daglege.  For meir informasjon, eller om du ønsker ei uforpliktande privat visning ta kontakt med Jofrid Hatlehol eller Svein Arne Skotheim.

Klikk her for Finn-annonse.

Last ned prospekt
  • 10Boliger
  • 2Ledige
  • 8Solgt

Nærområdet

Plassering

Gangavstand til butikkar, barnehage, barne- og ungdomsskule, kulturhus, legekontor, sjukeheim, treningssenter, bank og busstopp med meir. Svært sentralt med om lag 15 minutt køyretid til Moa og 25 minutt til Ålesund sentrum.

Nilsgarden

Nilsgarden er vårt nye bustadområde med perfekt plassering midt i Skodje sentrum. Her vil vi bygge ut attraktive bustader for folk i alle faser i livet. Bustadene vil få gode solforhold og fin utsikt over fjord og fjell.

Skodje

Skodje kommune ligg svært sentralt i Ålesundsregionen, og grensar til Ålesund i vest, Haram i nord, Vestnes i nord-aust, Ørskog i aust og Sykkylven over fjorden i sør. Frå 2020 blir Skodje ein del av storkommunen Ålesund.

Trivsel

I Nilsgarden er vi opptekne av å lage gode, grøne og spanande uteareal. Det er lagt opp til fleire leikeplassar og gode sosiale møtestader der barna kan boltre seg og dei vaksne bli kjende med sine nye naboer.

Bilder fra Nilsgarden Terrasse, nye sjølveigarleilegheiter med store terrassar klar til innflytting

Nilsgarden Terrasse, nye sjølveigarleilegheiter med store terrassar klar til innflytting - salgsoversikt

Salgsinformasjon

Jofrid Hatlehol

Mob: 970 12 140 E-post: jofrid@morehus.no

Svein Arne Skotheim

Mob: 917 87 052 E-post: svein@morehus.no