"You are here: "

You are here

2-mannsbustad på Vatneeidet m/carport

project-image

På ei kjempefin tomt på Vatneeidet med strålande utsikt over Vatnebygda har vi ei ledig leilegheit i ein ny 2-mannsbustad som er under bygging.  Dette er tilsvarande bustad som vi har bygd på nabotomta, og som sto ferdig i sommar. Bustaden har tiltalande fasadar med lave vindauge slik den flotte utsikta verkeleg kjem til sin rett. Bustaden eignar seg for fleire aldersgrupper - like bra for dei godt vaksne som flyttar frå einebustaden for å få ein enklare kvardag som for den unge familien som treng plass å vekse i.

Bustaden har svært praktiske leilegheiter med god planløysing. Innvendig bruksareal er på 120,3 m2 pr. leilegheit. Første etasje inneheld stor stove- og kjøkkendel, soverom, bad og gang/trapperom. Det er utgang fra stove til trebalkong. I underetasjen er her 3 soverom, bad/vaskerom, gang/trapperom og bod. Utgang fra eine soverommet til markterrasse og hage. Carport der kvar av leilegheitene får kvar sin parkeringsplass med sportsbod i bakkant er inkludert i leveransen. Gode parkeringsplassar på nordsida av bustaden, og enkel tilkomst frå kommunal veg.

I og med at dette er ein tomannsbustad får begge leilegheiter godt med uteareal både framfor bustaden og på sida. Om ønskjeleg kan vi mot pristillegg gjere bustaden heilt klar til innflytting. Forventa ferdigstilling er februar -19.

2-mannsbustaden har ei svært sentral plassering i eit godt etablert bustadområde nær ungdomsskule, kulturhall og idrettsanlegg. Gangavstand til daglegvare, div. andre butikkar, busstopp, idrettsanlegg, Eidet omsorgssenter, ungdomsskule, barnehage, legekontor, tannlege, fysioterapi, treningssenter, frisør, Pizzabaker`n, bensinstasjon med gatekjøkken m.m. I tillegg er det kort køyretid til både Ålesund, Moa, Digerneset og Brattvåg, dette gjer Vatneeidet til ein svært attraktiv stad å bu. Sjå også meir informasjon og fleire perspektiv lengre nede på denne sida. For meir informasjon ta kontakt med Jofrid Hatlehol.

Klikk her for Finn-annonse.

  • 4Boliger
  • 1Ledig
  • 3Solgt

Nærområdet

Vatneeidet

Vatneeidet ligg i grensa mellom Tennfjord og Vatne, og er ein del av Haram kommune. Svært sentral med berre 25 minutt køyretid til Ålesund sentrum via Ellingsøya, og 17 minutt til Moa. Til Brattvåg som er kommunesenteret i Haram 10 minutt.

Plassering

Gangavstand til daglegvare, div. andre butikkar, busstopp, Eidet kulturhall, Eidet omsorgssenter, ungdomsskule, barnehage, legekontor, tannlege, fysioterapi, treningssenter, frisør, Pizzabaker`n, bensinstasjon med gatekjøkken m.m.

Prosjektet

Dette er den siste av i alt to 2-mannsbustader som vi skal føre opp på Vatneeidet. Første 2-mannsbustaden er allereie komt opp, og begge leilegheitene i den er solgt. Planlagt oppstart av denne andre bustaden er november -17, og berekna ferdigstilling er september -18.

Standard

Leilegheitene vert levert klar til overtakelse til eigeninnsats med sparkling, maling/tapetsering, flislegging og golvlegging, men kan mot tillegg leverast heilt eller delvis klar til innflytting.

Bilder fra 2-mannsbustad på Vatneeidet m/carport

2-mannsbustad på Vatneeidet m/carport - salgsoversikt

Salgsinformasjon

Jofrid Hatlehol

Mob: 970 12 140 E-post: jofrid@morehus.no