"You are here: "

You are here

Nye einebustader like ved Valle barneskule og barnehage

project-image

To frittliggande einebustader med carport er no under oppføring på svært sentrale tomter i det nyetablerte byggefeltet Vallegrenda på Valle i Skodje kommune. Bustaden vert levert klar til innflytting med god standard. Her er mellom anna komplett kjøkkeninnreiing med integrerte kvitevarer, to flislagte bad med  fine baderomsinnreiingar og veggmonterte toalett, skyvedørsgarderobe på største soverom, parkett på golv og ferdig malte veggar.

Svært praktisk planløysing med 4 soverom, kjøkken/stue, loftsstue, vaskerom, bod og bad i begge etasjar. Hovudinngang i 1. etasje frå gardsplass på austsida. Frittståande carport med sportsbod vert levert saman med bustaden. Perfekt for til dømes den aktive barnefamilien som har vokse ut av bustaden dei bur i, eller for den som ønskjer seg ein mindre og meir lettstelt bustad enn den dei har i dag.

Bustadene ligg like ved Valle barnehage og Valle barneskule, og vil få ei fin plassering i Vallegrenda bustadfelt. Digerneset næringspark ligg berre 5 minutt frå Valle med bil, og er eit knutepunkt med butikkar, tilbod og arbeidsplassar. Her har skjedd ei formidabel utbygging dei siste åra, og det er i tillegg gjort avtalar med fleire store aktørar om ei framtidig utbygging som vil gjere området endå meir attraktivt. Kort avstand til Ålesund og omegn. Køyretid til Moa omlag 15 minutt, og Ålesund sentrum omlag 25 minutt.

Kvar tomt er utskilt med eige gards- og bruksnummer, og har privat innkøyrsle med god tilkomst og godt med parkeringsareal. Dette er første byggetrinn, og inneheld dei to første einebustadene av i alt fire. Forventa ferdigstilling av første bustaden er mai/juni 2018. Sjå også fleire perspektiv av dei nye bustadane lengre nede på denne sida.

Klikk her for Finn-annonse.

 

 

  • 2Boliger
  • 2Ledige
  • 0Solgt

Nærområdet

Plassering

Dei nye bustadane ligg like bak "tanken" bensinstasjon på Valle i eit nyetablert bustadfelt med einebustader, tomannsbustader og firemannsbustader. Svært sentral plassering med berre 5 minutt køyretid til Digerneset næringspark, og 15 minutt til Moa.

Vallegrenda bustadfelt

Vallegrenda bustadfelt har ei perfekt plassering med berre eit par hundre meter til ny barneskule og barnehage. Her er bustader for folk i alle faser i livet, og dei nye bustadene vil ligg heilt syd i feltet.

Skodje

Skodje kommune ligg svært sentralt i Ålesundsregionen, og grensar til Ålesund i vest, Haram i nord, Vestnes i nordaust, Ørskog i aust og Sykkylven over fjorden i sør. Frå 2020 blir Skodje ein del av storkommunen Ålesund.

Adkomst

Ta av ved krysset på Valle og køyr i retning Glomset/Magerholm. Etter om lag 300 meter ta av til høgre, og ta deretter andre veg til venstre. Der ligg tomtene til dei nye einebustadane, og oppføringa av dei to første er no i gang.

Bilder fra Nye einebustader like ved Valle barneskule og barnehage

Nye einebustader like ved Valle barneskule og barnehage - salgsoversikt

Salgsinformasjon

Jofrid Hatlehol

Mob: 970 12 140 E-post: jofrid@morehus.no

Thomas Terøy

Mob: 488 43 939 E-post: thomas@morehus.no