"You are here: "

You are here

Bakken - Nytt bustadfelt på Vestnes

project-image

På eit flott område ved Fagerbakken på Vestnes skal vi til sommaren starte bygginga av dei første bustadane. Det nye bustadområde Bakken ligg i tilknytning til eit allereie etablert bustadområde, og har flott utsikt mot Leirvikbukta og Vestnes sentrum. Her er det solrikt og landleg, samtidig som det er sentrumsnært. Alle bustadane på Bakken ligg på søraustvendte tomter med fantastisk utsikt mot fjord og fjell. Her er det planlagt både ein einebustad, 2-mannsbustader og 4-mannsbustader, og alle bustadane vert levert med høg standard og tilpassa eit baskt klima. Alle bustadane vil få carportar, og alle vegar og parkeringsareal vert levert ferdig asfaltert.

I Bakken er vi opptekne av å skape eit triveleg bustadområde. Vi har derfor lagt vekt på å lage gode, grøne uteareal. Vi vil også opparbeide ein felles leikeplass i feltet der barna kan boltre seg og dei vaksne kan bli kjende med sine nye naboar.  Her vil du trivast enten du er i hagen, på balkongen eller terrassen til den nye heimen din. Ei god blanding av bustadtypar er viktig for å utvikle eit godt bustadområde.

Vestnes har eit flott fjordlandskap med gode vilkår for friluftsliv. Kommunen er omkransa av vide skogar med idylliske sætrar og gamle skogsvegar, snaufjell og toppar med vidt utsyn. Vestnes kommune ligg midt i fylket med kort avstand til Molde, Ålesund og Åndalsnes. Foreløpige prospekt av bustadane finn ein lengre nede på sida.

  • Boliger
  • Ledig
  • Solgt

Nærområdet

Bilder fra Bakken - Nytt bustadfelt på Vestnes

Bakken - Nytt bustadfelt på Vestnes - salgsoversikt

Salgsinformasjon

Jofrid Hatlehol

Mob: 970 12 140 E-post: jofrid@morehus.no

Svein Arne Skotheim

Mob: 917 87 052 E-post: svein@morehus.no