"You are here: "

You are here

Engesetdal - 2-mannsbustad på eit plan

project-image

I Engesetdalen i Skodje kommune skal vi sette opp denne kjempefine vertikaldelte 2-mannsbustaden. Bustaden har svært praktiske leilegheiter med alt på eit plan. Her er fleire tilleggskvalitetar som til dømes carport, overbygd inngangsparti, stor markterrasse og levegg i trykkimpregnert treverk. Trinnfri adkomst direkte frå carport.

Kvar leilegheit inneheld stove/kjøkkendel, to soverom, gang, bad og bod. Tilhøyrande carport med sportsbod på heile 10 m2 i bakkant er inkludert i leveransen. Leilegheita vert i utgangspunktet levert klar til eigeninnsats med sparkling, maling/tapetsering, flislegging og golvlegging, men kan mot tillegg leverast heilt eller delvis klar til innflytting.

Bustaden skal førast opp på Erstad i Engesetdalen, og vil ligge nært hovudveg og busstopp. Tomta ligg svært landleg til med flott turterreng både sommar og vinter. Den har svært gode solforhold, og ei flott utsikt mot Engesetdalsvatnet og fjellheimen. Køyretid til Skodje sentrum 7 minutt, til Moa 20 minutt, og Ålesund sentrum 35 minutt.

Klikk her for Finn-annonse

  • 2Boliger
  • 1Ledig
  • 1Solgt

Nærområdet

Plassering

2-mannsbustaden skal førast opp i eit etablert bustadområde på Erstad i Engesetdalen. Avstand til Skodje sentrum om lag sju kilometer. Køyretid til Skodje sentrum 7 minutt, til Moa 20 minutt, og Ålesund sentrum 35 minutt.

Skodje

Skodje kommune ligg svært sentralt i Ålesundsregionen, og grensar til Ålesund i vest, Haram i nord, Vestnes i nord-aust, Ørskog i aust og Sykkylven over fjorden i sør. Frå 2020 blir Skodje ein del av storkommunen Ålesund.

Engesetdalen

Engesetdalen er eit lite bygdesamfunn med folk i alle aldrar. Staden er kjent for sitt flotte turterreng med gode moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter. Frostadtinden er ein velkjent fjelltur både for lokale og tilreisande, og skiløypene på Fylling kan varmt anbefalast.

Trivsel

I Engesetdalen kan ein bu landleg med flott natur rundt seg på alle kantar. Her kan ein finne ro i sjela, og sleppe stress og mas. Bygda ligg likevel sentralt til med kort avstand til både Skodje sentrum og Ålesundsområdet.

Bilder fra Engesetdal - 2-mannsbustad på eit plan

Engesetdal - 2-mannsbustad på eit plan - salgsoversikt

Salgsinformasjon

Jofrid Hatlehol

Mob: 970 12 140 E-post: jofrid@morehus.no

Svein Arne Skotheim

Mob: 917 87 052 E-post: svein@morehus.no