"You are here: "

You are here

Bakken Vestnes, leilegheiter i 4-mannsbustader

project-image

På eit flott område ved Fagerbakken på Vestnes er vi no i gang med grunn- og betongarbeidet på dei to første 4-mannsbustadane i feltet. Det nye bustadområde Bakken ligg i tilknytning til eit allereie etablert bustadområde, og har flott utsikt mot Leirvikbukta og Vestnes sentrum. Her er det solrikt og landleg, samtidig som det er sentrumsnært. Alle bustadane på Bakken ligg på søraustvendte tomter med fantastisk utsikt mot fjord og fjell.

Leilegheiter i 4-mannsbustader er tradisjonelt ein svært attraktiv bustadtype. Den eignar seg for fleire aldersgrupper - like bra for dei godt vaksne som flyttar frå einebustaden sin som for single og unge par som er på jakt etter ein god stad å etablere seg.

Dette er praktiske leilegheiter som inneheld entre/gang, to soverom, stue/kjøkken, bod og bad/vaskerom. Alle leilegheiter har parkeringsplass i carport, og separat sportsbod i carport. Leilegheitene har utgang frå stue til terrasse.  Terrassane til leilegheitene i 1. etasje vert bygd med tredekke og rekkverk. Terrassedekket er tett, slik at leilegheiter i underetasjen får overbygg/tak over sin terrassedel. Delar av hage er eksklusivt areal for leilegheiter i underetasjen. Forventa ferdigstilling av dei to første 4-mannsbustadene er våren 2019.

I Bakken er vi opptekne av å skape eit triveleg bustadområde. Vi har derfor lagt vekt på å lage gode, grøne uteareal. Vi vil også opparbeide ein felles leikeplass i feltet der barna kan boltre seg og dei vaksne kan bli kjende med sine nye naboar.  I feltet er det planlagt både ein einebustad, 2-mannsbustader og 4-mannsbustader, og alle bustadane vert levert med høg standard og tilpassa eit baskt klima. Alle bustadane vil få carportar, og alle vegar og parkeringsareal vert levert ferdig asfaltert.

Vestnes har eit flott fjordlandskap med gode vilkår for friluftsliv. Kommunen er omkransa av vide skogar med idylliske sætrar og gamle skogsvegar, snaufjell og toppar med vidt utsyn. Vestnes kommune ligg midt i fylket med kort avstand til Molde, Ålesund og Åndalsnes. Sjå fleire perspektiv av bustaden lengre nede på sida.

Klikk her for Finn-annonse

Last ned prospekt
  • 8Boliger
  • 6Ledige
  • 2Solgt

Nærområdet

Plassering

Gangavstand til Vestnes sentrum som har eit breidt og variert servicetilbod, og til barnehage, barne- og ungdomsskule. Idrettsanlegg, kulturhus, treningssenter m.m. ligg også i gangavstand.

Bakken bustadfelt

I Bakken er vi opptekne av å skape eit triveleg bustadområde. Vi har derfor lagt vekt på å lage gode, grøne uteareal. Vi vil også opparbeide ein felles leikeplass i feltet der barna kan boltre seg og dei vaksne bli kjende med sine nye naboar.

Vestnes

Vestnes kommune ligg midt i fylket med kort avstand til Molde, Ålesund og Åndalsnes. Den nye Tresfjordbrua og den planlagte ferjefrie kryssinga av Romsdalsfjorden gjer kommunen enda meir attraktiv å bu i enn nokon gong.

Trivsel

Vestnes har eit flott fjell- og fjordlandskap med gode vilkår for friluftsliv. Ein variert natur gir gode føresetnader for ulike aktivitetar for alle. Vestnes kommune er kjent for eit veldig godt og aktivt idretts- og kulturmiljø.

Bilder fra Bakken Vestnes, leilegheiter i 4-mannsbustader

Bakken Vestnes, leilegheiter i 4-mannsbustader - salgsoversikt

Salgsinformasjon

Jofrid Hatlehol

Mob: 970 12 140 E-post: jofrid@morehus.no

Svein Arne Skotheim

Mob: 917 87 052 E-post: svein@morehus.no