"You are here: "

You are here

Jensvika - Unike tomter midt i nye Ålesund

project-image

Jensvika er namnet på vårt nye bustadområde der vi legg hovudfokus på våre flotte einebustader. Her kan du realisere bustaddraumen din ved å velje hus frå våre huskatalogar. Vår dyktige arktitekt kan også spesialteikne din nye heim akkurat slik du ønskjer den. 

Er du interessert, er forholda lagt til rette for at du kan ta turen til Jensvika. Vi har installert benkar, setegrupper og grusa stiar i tomteområdet slik at du kan bruke tid til å ta inn omgivnadane, nyte utsikta, og føle på om Jensvika kan vere staden du vil bu.

Les meir om dei unike tomtene i Jensvika, midt i nye Ålesund. Bli med på ei droneflyging , og les også om korleis omgivnader og utsikt påverkar helsa. Les her  om Leif-Kjetil og Synnøve som var raske til å kjøpe draumetomta i Jensvika.

Området ligg idyllisk til i hellinga ned mot sjøen ved Jensvika, like aust for Digerneset. Feltet ligg svært usjenert til nede ved sjøen, og har ei roleg og idyllisk plassering samt nydeleg utsikt mot fjord og fjell. Tomtene er byggeklare, husa har byrja å kome opp, og dei første har allereie flytta inn. Her er først og fremst planlagt tomter for einebustader, men nokre mindre områder er også sett av til tettare utbygging.

Her er gangavstand til Digerneset næringspark, som er eit framtidig knutepunkt i Møre og Romsdal. På Digerneset har det vore ei formidabel utvikling med etablering av ulike butikkar, tilbod og arbeidsplassar dei siste åra. Det nye bustadfeltet ligg usjenert til nede ved sjøen, men har likevel ei svært sentral plassering. Med køyretid til Digerneset på berre 3 minutt, til Moa 12 minutt og Ålesund sentrum 22 minutt, er vi trygge på at dette vil bli eit særs attraktivt buområde.

Det nye bustadfeltet ligg på nordsida av E-39 ved Svorta i Skodje kommune. Køyr frå Digerneset i retning Valle, og etter om lag 1 km ta av mot Svorta. Feltet ligg på nordsida av Jensvikvegen på området ned mot sjøen, og er godt merka med skilting.  Sjå Finn-annonse eller prisliste lengre nede på denne sida for prisar og kva for tomter som er ledige. 

 

Klikk her for Finn-annonse

Klikk her for sak i Smp.no

  • 22Boliger
  • 11Ledige
  • 11Solgt

Nærområdet

Bilder fra Jensvika - Unike tomter midt i nye Ålesund

Jensvika - Unike tomter midt i nye Ålesund - salgsoversikt

Salgsinformasjon

Jan-Magnus Knudsen

Mob: 996 27 993 E-post: jan-magnus@morehus.no