"You are here: "

You are here

Iden byggefelt - Sjøholt sentrum

project-image

I 2019 etablerer vi det nye bustadfeltet Iden i Sjøholt sentrum. Bur du på "Iden" har du gangavstand til det meste. Det nye bustadområdet har ei perfekt plassering berre eit par hundre meter frå den splitter nye skulen, den kommunale barnehagen og idrettsanlegget. Tomtene er svært solrike med kveldssol, og ligg usjenert til i eit allereie etablert og populært bustadområde.

Det er den gamle idrettsplassen med kallenamnet Iden som no er regulert om til bustadføremål. I tidlegare tider har området vore nytta til idrettsaktivitetar, utstillingar og plattingdans, no skal det igjen fyllast med liv og leik.  I løpet av 2019 vil her vere klart for oppføring av dei første nye bustadene.

Sjøholt sentrum har eit svært breitt og variert servicetilbod. Kulturhus, kafè, treningssenter, lege, tannlege, bank og fleire daglegvarebutikkar med meir finn du her. Her er også småbåthamn, populære badestrender og mange turstiar. Ørskogfjellet er berre 10 minutt unna, og byr på fjellturar for ein kvar smak, og med fantaskiske skiforhold om vinteren.

Sjøholt er ei naturperle, og sentrum ligg omkransa av spektakulære fjell og med ei mektig utsikt utover Storfjorden. Heile året byr området rundt Sjøholt på rekreasjon og opplevingar i storslått og variert natur.

Adkomst: Køyr E136 til Sjøholt sentrum. Ta av ved Shellstasjonen, og køyr vidare mot idrettsanlegg og Sjøholt skule. Følg Prestegardsvegen forbi skulen, ta av ved Idenvegen, og køyr denne vegen til endes til ei delvis opparbeida grusflate på venstre side av vegen.

Nærområdet

Bilder fra Iden byggefelt - Sjøholt sentrum

Iden byggefelt - Sjøholt sentrum - salgsoversikt

Salgsinformasjon