"You are here: "

You are here

2-mannsbustad Eidsvika - Tennfjord

project-image

Vi er no i gang med byggearbeidet på ein ny 2-mannsbustad i Eidsvika i Haram kommune. Bustaden er tiltalande og innhaldsrik, og har gode solforhold og kjempflott utsikt mot fjord og fjell. Det er gangavstand til butikkar, barnehage, barneskule, ungdomsskule, kulturhus, idrettsanlegg m.m. Leilegheitene går over to plan, og har ei svært praktisk planløysing med stove/kjøkken, tre soverom, bad, WC og rikeleg med bodplass. Tomta ligg fritt og fint til, og bustaden har god avstand til naboeigedomane.

Eidsvika er kjent for si solrike og lune plassering innerst i fjorden, og 2-mannsbustaden har ei svært sentral plassering, samtidig som den ligg i eit fredeleg og vakkert område. Nydeleg natur og mange flotte turmoglegheiter i nærområdet. Eidsvika har hatt ein stor vekst dei seinare åra med mykje bustadbygging, og er eit av dei mest populære bustadområda i Haram kommune.  Med kort køyretid både til Moa og Brattvåg er Eidsvika ein attraktiv stad å bu også for folk utanfor Haram kommune. Køyretid omlag 25 min. til Ålesund sentrum via Ellingsøya, 17 min. til Moa, til Digerneset 10 min. og til Brattvåg 10 min.

Sjå også meir informasjon og fleire perspektiv lengre nede på denne sida. For meir informasjon ta kontakt med Jofrid Hatlehol.

Klikk her for Finn-annonse

 

 

 

  • 2Boliger
  • 2Ledige
  • 0Solgt

Nærområdet

Eidsvika

Eidsvika ligg like ved Tennfjorden og er ein del av Haram kommune. Svært sentral med berre 25 minutt køyretid til Ålesund sentrum via Ellingsøya, og 17 minutt til Moa. Til Brattvåg, som er kommunesenteret i Haram, 10 minutt.

Plassering

Gangavstand til daglegvarebutikkar, barnehage, barneskule, ungdomsskule, Eidet omsorgssenter, idrettsanlegg, Eidet kulturhall, div. butikkar, bensinstasjon, legekontor, tannlege m.m.

Prosjektet

Grave- og betongarbeidet er i gang, og planlagt oppstart av trearbeid rundt årsskiftet. Berekna ferdigstilling september -19.

Standard

Leilegheitene vert levert klar til overtakelse til eigeninnsats med sparkling, maling/tapetsering, flislegging og golvlegging, men kan mot tillegg leverast heilt eller delvis klar til innflytting.

Bilder fra 2-mannsbustad Eidsvika - Tennfjord

2-mannsbustad Eidsvika - Tennfjord - salgsoversikt

Salgsinformasjon

Jofrid Hatlehol

Mob: 970 12 140 E-post: jofrid@morehus.no