"You are here: "

You are here

Eidet - solrike leilegheiter med alt på eit plan

project-image

Kjempefine leilegheiter som nærmar seg ferdigstilling på Vatneeidet like ved Vatne ungdomsskule, Eidet kulturhall og IL Ravn sitt idrettsanlegg. 4-mannsbustaden nærmar seg ferdigstilling, og alle leilegheitene er sørvendte og har gode solforhold. Leilegheiter i 4-mannsbustad er tradisjonelt ein svært attraktiv bustadtype. Den eignar seg for fleire aldersgrupper - like bra for dei godt vaksne som flyttar frå einebustaden sin som for unge som er på jakt etter ein god stad å etablere seg.

Dette er praktiske leilegheiter som inneheld entre/gang, to soverom, stue/kjøkken, bod og bad/vaskerom. Alle leilegheiter har i tillegg ei utebod på 5 m2 i eige bygg som kjem i tillegg til oppgitt bruksareal. Kvar leilegheit vil få tildelt to parkeringsplassar på gardsplassen på nordsida av bygget. Leilegheitene vert levert klar til innflytting med god standard. Her er fin kjøkkeninnreiing med integrerte kvitvarer, flislagt bad med baderomsinnreiing, vegghengt toalett og dusjveggar. Glatte malte veggar i duse fargar, og Berry Alloc høgtrykkslaminat type Grand Alu Champs Elyees på golv.

Leilegheitene har ei sentral plassering, og ligg berre eit par hundre meter frå ungdomsskule, kulturhall og idrettsanlegg. Gangavstand også til daglegvare, div. andre butikkar, Tennfjord barnehage, Eidet omsorgssenter, frisør, legekontor, tannlege, fysioterapi, Pizzabaker`n, bensinstasjon med gatekjøkken m.m. Eidet ligg i grensa mellom Tennfjord og Vatne, og ligg i ein del av Haram kommune som dei seinare åra har hatt stor auke i folketalet. Området har eit flott fjell- og fjordlandskap med gode vilkår for friluftsliv. Ein variert natur gir gode føresetnader for ulike aktivitetar for alle.

Sjå også meir informasjon og fleire perspektiv lengre nede på denne sida. For meir informasjon eller privat visning ta kontakt med Jofrid Hatlehol.

Klikk her for Finn-annonse

 

  • 4Boliger
  • 3Ledige
  • 1Solgt

Nærområdet

Eidet

Vatneeidet ligg i grensa mellom Tennfjord og Vatne. Svært sentralt med berre 10 min. køyretid til Digerneset, 17 minutt til Moa, og ca. 25 minutt til Ålesund sentrum via Ellingsøya. Til Brattvåg som er kommunesenteret i Haram 10 minutt.

Plassering

Gangavstand til ungdomskule, kulturhall, idrettsanlegg, daglegvarebutikkar, div. andre butikkar, barnehage, legekontor, tannlege, fysioterapi, treningssenter, frisør, Pizzabaker`n, bensinstasjon med gatekjøkken m.m.

Prosjektet

4-mannsbustad med kjempefine leilegheiter under bygging. Bustaden ligg i tilknytning til eit etablert bustadfelt på Vatneeidet. Planlagt ferdigstilling er januar/februar -20.

Standard

Leilegheitene vert i utgangspunktet levert klar til eigeninnsats med sparkling/maling/tapetsering, membran/flislegging og golvlegging, men kan mot tillegg leverast heilt eller delvis klar til innflytting.

Bilder fra Eidet - solrike leilegheiter med alt på eit plan

Eidet - solrike leilegheiter med alt på eit plan - salgsoversikt

Salgsinformasjon

Jofrid Hatlehol

Mob: 970 12 140 E-post: jofrid@morehus.no

Svein Arne Skotheim

Mob: 917 87 052 E-post: svein@morehus.no