"You are here: "

You are here

Leilegheit i 4-mannsbustad Storbakken

Storbakken ligg i hjartet av Skodje med kort veg til sentrumsfunksjonane. Dette er ein av dei lunaste og mest solrike plassane på Skodje, og kan i tillegg by på ei fantastisk utsikt til både fjord og fjell. Området ligg under fjellfoten der stien til Niusen startar. Her startar vi no ei etterlengta utbygging der vi skal skape eit godt bumiljø for alle.

Vi er no i gang med grunn- og betongarbeidet på den første 4-mannsbustaden, og ser for oss ei rask og effektiv utbygging av feltet.  Alle bustadane ligg på sørvendte tomter med gode solforhold og flott utsikt mot Skodjevika. Leilegheiter i 4-mannsbustad er tradisjonelt ein svært attraktiv bustadtype. Den eignar seg for fleire aldersgrupper, like bra for dei godt vaksne som flyttar frå einebustaden sin som for single og unge par som er på jakt etter ein god stad og etablere seg. 

Dette er praktiske leilegheiter som inneheld entrè/gang, to soverom, stue/kjøkken, bod og bad/vaskerom. Alle leilegheiter har ein parkeringsplass i carport, og separat sportsbod i carport. Nokre av leilegheitene i underetasjen har også ekstra utebod på nedsida av carporten. Leilegheitene har utgang frå stue til terrasse. Terrassane til leilegheitene i 1. etasje vert bygd med tredekke og rekkverk. Terrassedekket er tett, slik at leilegheitene i underetasjen får overbygg/tak over sin terrassedel. Delar av hage er eksklusivt areal for leilegheiter i underetasjen. Leilegheitene har ei opa og fin stue/kjøkkenløysing med god plass til  både spisebord og sofagruppe. Store, lave vindauge på stue gir mykje lys inn i bustadane. Entreen er romsleg med skyvedørsgarderobe i klart speil, og her er takoverbygg over inngangspartia. Leilegheitene i 1. etasje har trinnfri adkomst, leilegheitene i underetasje har utvendig trapp til inngangspartiet. Alle leilegheitene ligg fint plassert i feltet, og har grøntområde og friareal/leikeplass i nærleiken. Forventa ferdigstilling av den første 4-mannsbustaden er april -22.  

I feltet vil det verte opparbeidd fleire mindre leikeplassar der barna kan få utfalde seg og dei vaksne bli kjende med sine nye naboar. Det er gangavstand til  barnehage og til Skodje barne- og ungdomsskule, og til sentrum som har eit breitt og variert servicetilbod. Kulturhus, treningssenter, omsorgssenter, lege, tannlege og fleire daglegvarebutikkar m.m. finn du her. Digerneset næringspark er berre nokre minutt unna med bil, og køyretid til Moa 15 minutt og Ålesund sentrum 25 minutt.  

Skodje har eit flott fjell- og fjordlandskap med gode vilkår for friluftsliv. Ein variert natur gir gode føresetnader for ulike aktivitetar for alle aldersgrupper. Nydeleg natur og kjempefine turstiar, skiløyper, idrettsanlegg, golfbane m.m. i nærområdet. 

 

Nærområdet

Leilegheit i 4-mannsbustad Storbakken - salgsoversikt

Salgsinformasjon

Jofrid Hatlehol

Mob: 970 12 140 E-post: jofrid@morehus.no