"You are here: "

You are here

Jensvika - Kjempefine leilegheiter i 4-mannsbustad

project-image

I Jensvika like ved Digerneset Næringspark er vi i no i gang med byggearbeidet på den første av i alt tre 4-mannsbustader på ei særdeles flott tomt i øvre del av feltet. Bustadane har eit moderne uttrykk med ein stram arkitektur. Her er store homogene flater i same fargar og materialar, og mange av kvalitetane har arkitekten valgt å framheve ved å bruke fargar og materialar. Skråtaket gir bustaden eit uttrykk som er både moderne og tidlaust på same tid.

Leilegheitene inneheld stue/kjøkken, to soverom, gang, bad, innvendig bod og utebod. Alle leilegheiter har utgang til balkong eller markterrasse, og kvar leilegheit vil få ein parkeringsplass i carport der ein kan plassere bilen i le for vèr og vind. Sportsbodene ligg på sida av bustaden tett opp til inngangspartiet til leilegheitene slik ein har enkel tilgang. Veg og parkeringsareal vert asfaltert i samband med ferdigstilling av prosjektet. 

Jensvika bustadfelt ligg svært usjenert til nede ved sjøen, og har ei roleg og idyllisk plassering med nydeleg utsikt mot fjord og fjell. Dei første einebustadane er no ferdige og overtatt av kjøparane, nokre er under bygging, og nye bustader skal om kort tid startast opp. Dei fleste tomtene i feltet er planlagt for utbygging av einebustader, men her er nokre mindre områder som er sett av til tettare utbygging.  

Det er gangavstand til Digerneset næringspark som dei siste åra har utvikla seg til å verte eit knutepunkt i vårt område. Her har det vore ei formidabel utvikling med etablering av ulike butikkar, tilbod og arbeidsplassar. Jensvika bustadfelt har ei svært sentral plassering med køyretid til Digerneset på 3 minutt, til Moa 12 minutt og Ålesund sentrum 22 minutt. Feltet ligg på nordsida av E-39 ved Svorta. Når ein køyrer frå Digerneset i retning Valle tek ein av mot Svorta etter omlag ein kilometer. Vegen til feltet er godt merka med skilting. Sjå også fleire perspektiv av bustaden og bilete frå feltet lengre nede på denne sida. 

Klikk her for Finn-annonse

  • 4Boliger
  • 4Ledige
  • 0Solgt

Nærområdet

Jensvika

Jensvika er vårt nye bustadområde like aust for Digerneset med ei heilt spesiell plassering i hellinga ned mot sjøen. Feltet ligg svært usjenert til, og har ei roleg og idyllisk plassering samt nydeleg utsikt mot fjord og fjell.

Plassering

Bustadfeltet ligg usjenert til nede ved sjøen, men har likevel ei svært sentral plassering. Gangavstand til Digerneset næringspark med mange ulike butikkar, tilbod og arbeidsplassar. Køyretid til Digerneset 3 minutt, til Moa 12 minutt og til Ålesund sentrum 22 minutt.

Skodje

Jensvika er ein del av Skodje, og området er omkransa av nydeleg natur, og har gode vilkår for friluftsliv. Ein variert natur gir gode føresetnader for ulike aktivitetar for alle. Skodje er kjent for å ha eit veldig godt og aktivt miljø for idrett og kultur.

Trivsel

I Jensvika er det sett av fleire mindre områder til felles leikeplassar. Her vil vi sette opp leikeapparat og benkar slik barna kan boltre seg og dei vaksne bli kjende med sine nye naboar. I tillegg er her eit flott turterreng like utanfor husveggen.

Bilder fra Jensvika - Kjempefine leilegheiter i 4-mannsbustad

Jensvika - Kjempefine leilegheiter i 4-mannsbustad - salgsoversikt

Salgsinformasjon

Jofrid Hatlehol

Mob: 970 12 140 E-post: jofrid@morehus.no