"You are here: "

You are here

Rødsethagen - leilegheit m/carport og stor terrasse

project-image

Denne moderne vertikaldelte tomannsbustaden med carport og takterrasse er under oppføring i Rødsethagen bustadfelt i Fremmerholen. Feltet ligg svært sentralt, men likevel i eit idyllisk område med landleg ro. Her har du flotte solforhold og kort veg til Spjelkavik sentrum og Moa kjøpesenter. Ønsker du å bu sentralt, og likevel ha flotte turområder rett utanfor stuedøra er dette ein unik sjanse. Bustadfeltet ligg nært barnhagar og skular i Spjelkavik, og nærområdet kan by på ei rekke fritidstilbod både innanfor idrett og kulturliv. 

Leilegheitene går over to plan og inneheld stue/kjøkken, kjellerstue, 3 soverom, 2 bad, vaskerom/teknisk rom, gang, hall/trapp, utebod og carport. Utgang frå stue og kjøkken til stor takterrasse som ligg over carport/sportsbod. Med soverom og bad i begge etasjar har bustaden ei funksjonell inndeling til dømes for dei som har ungdommar i hus.

2-mannsbustaden har eit moderne uttrykk med ein stram arkitektur. Her er store homogene flater i same fargar og materialar som arkitekten har valgt å framheve ved å bruke forskjellige materialar. Kvar leilegheit vil ha eiga innkøyring frå nordsida, og her vil vere god plass til parkering. Veg og parkeringsareal vil verte asfaltert i samband med ferdigstilling av prosjektet. 

Leilegheitene vert i utgangspunktet levert klar for eigeninnsats med sparkling, maling, tapetsering, flislegging og legging av golv, men kan om ønskeleg leverast heilt eller delvis klar til innflytting. Kjøparane vil sjølv kunne bestemme flis, parkett, innvendige fargar, utførelse på trapp, kjøkkeninnreiing og baderomsinnreiing. 

2-mannsbustaden skal førast opp på tomt T16. Sjå også meir informasjon og fleire perspektiv lengre nede på denne sida. 

Klikk her for Finn-annonse

 

  • 2Boliger
  • 2Ledige
  • 0Solgt

Nærområdet

Plassering

Køyr frå Moa i retning Brusdal, følg Brusdalsvegen til du har kome forbi bilforretningane. Ta første avkøyring til høgre inn Rødsetvegen, og så første avkøyring mot venstre. Følg vegen ca. 400 meter, og då ligg Rødsethagen bustadfelt på venstre side.

Rødsethagen bustadfelt

Rødsethagen er eit urbant og moderne bustadprosjekt med ein heilheitleg designtankegang. Feltet er planlagt med flotte designbustader med garasje, stor terrasse og hage.

Nærområdet

Det spesielle med Rødsethagen er at bustadområdet ligg så sentralt samtidig som det er landleg. Her vil du bu tett på naturen med flotte turområder til dømes ved Lillevatnet og Emblemsfjellet.

Bustadene

Arkitektteikna 2-mannsbustad i funkisstil med reine linjer og store vindauge. Moderne og enkle uttrykk både i fasade og interiør er ein trend som stadig fleire spør etter.

Bilder fra Rødsethagen - leilegheit m/carport og stor terrasse

Rødsethagen - leilegheit m/carport og stor terrasse - salgsoversikt

Salgsinformasjon

Jofrid Hatlehol

Mob: 970 12 140 E-post: jofrid@morehus.no