"You are here: "

You are here

Moderne leilegheiter i 2-mannsbustad

project-image

I det nye bustadfeltet Vatnehagen 2 like ved Vatne Barneskule skal vi bygge denne flotte 2-mannsbustaden. Leilegheitene er sørvendte og har gode solforhold, og ligg usjenert til i eit allereie etablert og roleg bustadområde. Vatne Barneskule ligg like i nærleiken, berre eit par hundre meter frå feltet. Det er også gangavstand til barnehage, daglegvarebutikk, kafe, treningssenter, småbathavn m.m.

Bustaden har gode uteareal med balkong mot sør, og treplatt på terreng på sidene. God planløysing der stue og kjøkken er utforma som delvis opent areal med god kontakt mellom romma. Store vindauge mot sør slik utsikta kan nytast både frå kjøkken og stue. Her er bad i begge etasjar, og eit soverom nede og to oppe. Separat vaskerom i underetasjen, og to gode boder i bakkant av carporten. Kvar leilegheit har parkeringsplass i carport i tilknyting til bustaden, og privat innkøyring og parkering på sørsida av bustaden. Veg og parkeringsareal vil verte asfaltert i samband med ferdigstilling av bustaden. 

I nærområdet er her fleire flotte friluftsområder med fine turstiar, og like i nærleiken ligg Gurinesbukta, eit nydeleg rekreasjonsområde med badeplass. Området har gode vilkår for friluftsliv med ferskvatn og eit flott fjellandskap. Ein variert natur gir gode føresetnader for ulike aktivitetar for alle. Nokre få minutt unna med bil ligg Vatne ungdomsskule, Eidet kulturhall og IL Ravn sitt idrettsanlegg. På Eidet ligg også to daglegvarebutikkar, diverse andre butikkar, frisør, legekontor, tannlege, Eidet omsorgssenter, bensinstasjon med gatekjøkken m.m. Køyretid til Digerneset 15 minutt, til Moa 25 minutt, og til Ålesund sentrum via Ellingsøya ca. 35 minutt. 

Sjå også meir informasjon og fleire perspektiv lengre nede på denne sida. For meir informasjon ta kontakt med Jofrid Hatlehol, tlf. 970 12 140, e-post: jofrid@morehus.no

Klikk her for Finn-annonse

  • 2Boliger
  • 2Ledige
  • 0Solgt

Nærområdet

Vatnehagen

Vatnehagen er eit etablert bustadfelt med flott plassering i Øvstebygda på Vatne. Vi har kjøpt eit tilleggsareal, og er no godt i gang med utvidelsen av feltet.

Plassering

Feltet ligg like ved Vatne Barneskule, og har gangavstand til barneskule, barnehage, daglegvare, kafe, treningssenter m.m.

Prosjektet

Feltet har gode solforhold og fin utsikt, og verte ein del av eit familievenleg og triveleg bumiljø. Prosjektet vil innehalde totalt to leilegheiter i 2-mannsbustad og tolv leilegheiter i 4-mannsbustader.

Bilder fra Moderne leilegheiter i 2-mannsbustad

Moderne leilegheiter i 2-mannsbustad - salgsoversikt

Salgsinformasjon

Jofrid Hatlehol

Mob: 970 12 140 E-post: jofrid@morehus.no