"You are here: "

You are here

Rødsethagen - lekkert, urbant og landleg

project-image

Rødsethagen bustadfelt ligg i eit idyllisk område i Fremmerholen med landleg ro, men likevel svært sentralt. Her har du flotte solforhold og kort veg til Spjelkavik sentrum og Moa kjøpesenter. Ønsker du å bu urbant, og likevel ha flotte turområder rett utanfor stuedøra er dette ein unik sjanse. Bustadfeltet ligg i tillegg nært barnehagar og skular i Spjelkavik, og nærområdet kan by på ei rekke fritidstilbod både innanfor organisert idrett og kulturliv. Les meir om dei eksklusive, arkitekttegnede eneboliger i funkisstil i Fremmerholen, midt i nye Ålesund. Bli med på ei droneflyging i naturen med flotte turområder og likevel sentrumsnært. 

Feltet er planlagt med flotte designbustadar med ein heilheitleg designtankegang. Her vil verte bygd to nærast identiske typar bustadar der den eine har inngangsparti på baksida, og den andre med inngang i front. Dei arkitektteikna einebustadane er i funkisstil med garasje, skjerma terrasse og privat hageareal. Bustadane er romslege og går over to etasjar, og har eit bruksareal på nær 210 kvadratmeter. Delar av den store terrassen på ca. 28 kvadratmeter vil få ei overbygd hagestove. Her er fire soverom, eventuelt tre om ein vil nytte det eine til kjellarstove. På soverom i 2.etasje er det walk-in-garderobe.

Bustadane vert i utgangspunktet levert klar for eigeninnsats med sparkling, maling, tapetsering, flislegging og legging av golv, men kan om ønskeleg leverast heilt eller delvis klar til innflytting. Kjøparane vil sjølv kunne bestemme flis, parkett, innvendige fargar, utførelse på trapp, kjøkkeninnreiing og baderomsinnreiing.

Sjå også meir informasjon og fleire perspektiv lengre nede på denne sida. For meir informasjon ta kontakt med Jan-Magnus Knudsen eller Trygve Storlykken.

Klikk her for sak i Smp.no

Klikk her for Finn-annonse

  • 18Boliger
  • 11Ledige
  • 9Solgt

Nærområdet

Plassering

Køyr frå Moa i retning Brusdal, følg Brusdalvegen til du har kome forbi bilforretningane. Ta første avkøyring til høgre inn Rødsetvegen, og så første avkøyring mot venstre. Følg vegen ca. 400 meter, og då ligg Rødsethagen bustadfelt på venstre side.

Rødsethagen bustadfelt

Rødsethagen er eit urbant og moderne bustadprosjekt med ein heilheitleg designtankegang. Feltet har ledige tomter der Møre Hus har planlagt flotte designbustader med garasje, stor terrasse og hage.

Nærområdet

Det spesielle med Rødsethagen er at bustadområdet ligg så sentralt samtidig som det er landleg. Her vil du bu tett på naturen med flotte turområder til dømes ved Lillevatnet og Emblemsfjellet.

Bustadane

Arkitektteikna einebustader i funkisstil med reine linjer og store vindauge. Moderne og enkle uttrykk både i fasade og interiør er ein trend som stadig fleire spør etter.

Bilder fra Rødsethagen - lekkert, urbant og landleg

Rødsethagen - lekkert, urbant og landleg - salgsoversikt

Salgsinformasjon

Jan-Magnus Knudsen

Mob: 996 27 993 E-post: jan-magnus@morehus.no
Trygve Storlykken

Trygve Storlykken

Mob: 986 44 699 E-post: trygve@morehus.no