Eidsvika - moderne leilegheiter med panoramautsikt

No kan du finne draumebustaden din i Eidsvikstranda. Her skal vi no bygge tre 2-mannsbustader med nydeleg utsikt mot fjord og fjell. 2-mannsbustadene har ei svært unik plassering nært sjøen, og har tilkomst via ei blindgate utan gjennomgangstrafikk. Leilegheitene er sørvendte, og har kjempefin plassering i eit roleg bustadområde. Bustadene har gode uteareal med balkong mot sør og på sidene, og grøntareal på sørsida. Innkøyring og parkering på nordsida av bustadene, og kvar leilegheit har ein parkeringsplass i carport i tilknyting til bustaden. Vegar og parkeringsareal vert asfaltert i samband med ferdigstilling av prosjektet.
Her får du panoramautsikt mot fjord og fjell, og årstidene i all si prakt rett inn i stua, samtidig som du kan nyte gode dagar i ei lys, moderne og romsleg leilegheit. Store vindauge mot sør slik utsikta kan nytast både frå kjøkken og stue. God planløysing der stue og kjøkken er utforma som delvis opent areal med god kontakt mellom romma. Leilegheitene har bad i begge etasjar, eit soverom oppe, to nede og ei kjellerstue. Separat vaskerom i 1. etasje, og stor sportsbod i bakkant av carporten.
Med kort køyretid både til Moa, Ålesund sentrum og Brattvåg, og med kort avstand til barnehage, barne- og ungdomsskule, butikkar, idrettsanlegg m.m. er Eidsvika ein attraktiv buplass for svært mange. Området er utbygd dei siste åra med einebustader, småhus og lavblokker, og er ein del av eit lite lokalsamfunn med bustader for folk i alle livsfasar. Naturen i området er eit eldorado for alle som er glade i å vere ute, her er mellom anna badestrand innerst i fjorden, flotte turstiar i nærområdet og sjøen som næraste nabo.
Sjå også meir informasjon og fleire perspektiv lengre nede på denne sida. For meir informasjon ta kontakt med Jofrid Hatlehol.