"You are here: "

You are here

Storbakken - Leilegheiter i 2-mannsbustad

project-image

Storbakken ligg i hjartet av Skodje med kort veg til sentrumsfunksjonane. Dette er ein av dei lunaste og mest solrike plassane på Skodje, og kan i tillegg by på ei fantastisk utsikt til både fjord og fjell. Området ligg under fjellfoten der stien til Nihusen byrjar. Her startar vi no ei etterlengta utbygging der vi skal skape eit godt bumiljø for alle.

Vi er godt i gang med opparbeiding av veg og teknisk anlegg, og ein ser no konturane av korleis feltet vil bli. Byggearbeidet på den første 4-mannsbustaden er starta opp, og vi ser for oss ei rask og effektiv utbygging av feltet. Alle bustadane ligg på sørvendte tomter med gode solforhold og flott utsikt mot Skodjevika og fjellheimen. 

2-mannsbustadene har tiltalande fasadar med store vindauge på stovedel som slepp inn mykje lys. Utgang frå kjøkken til stor terrasse som ligg over carport og sportsbod. Her er rikeleg med plass til utemøblar og uteliv. Med soverom og bad i begge etasjar er det skapt ei funksjonell inndeling til dømes for dei som har ungdommar i hus. Det største soverommet i underetasjen kan sjølvsagt òg nyttast som TV-stue om ein ønskjer det. Bustadane har ei fin plassering i feltet, og har flott utsikt mot fjord og fjell. Leilegheitene er svært innhaldsrike med tre soverom, to bad, stor stue- og kjøkkendel og godt med bodplass. Stor terrasse med carport og sportsbod under gjer denne bustaden svært funksjonell. Godt med parkeringsplass på eiga tomt, og veg og parkeringsareal vil verte asfaltert i samband med ferdigstilling av bustaden. 

I feltet vil det verte opparbeidd fleire mindre leikeplassar der barna kan få utfalde seg og dei vaksne bli kjende med sine nye naboar. Det er gangavstand til barnehage, Skodje barne- og ungdomsskule og til sentrum som har eit breitt og variert servicetilbod. Her finn du mellom anna kulturhus, treningssenter, omsorgssenter, lege, tannlege og daglegvarebutikkar. Digerneset næringspark er berre nokre minutt unna med bil, og køyretid til Moa 15 minutt og Ålesund sentrum 25 minutt. 

Skodje har eit flott fjell- og fjordlandskap med gode vilkår for friluftsliv. Ein variert natur gir gode føresetnader for ulike aktivitetar for alle aldersgrupper. Nydeleg natur og kjempefine turstiar, skiløyper, idrettsanlegg, golfbane m.m. i nærområdet. 

Sjå også fleire perspektiv av bustaden lengre nede på denne sida. 

Vedlegg: 

Nærområdet

Storbakken

Storbakken er vårt nye bustadområde med ei heilt spesiell plassering under fjellfoten der stien til Nihusen startar. Feltet ligg så høgt i terrenget at ein vil få ei fantastisk flott utsikt over Skodjebygda og mot fjord og fjell. I tillegg er her svært gode solforhold, og området ligg lunt og fint til oppe i sida.

Plassering

Gangavstand til butikkar, barnehage, barne- og ungdomsskule, kulturhus, legekontor, sjukeheim, treningssenter, busstopp m.m. Svært sentralt med om lag 15 minutt køyretid til Moa og 25 minutt til Ålesund sentrum.

Skodje

Skodje ligg svært sentralt i nye Ålesund kommune, og med kort avstand til det meste. Skodje er omkransa av nydeleg natur, og har gode vilkår for friluftsliv både på sjø og land. Ein variert natur gir gode føresetnader for ulike aktivitetar for alle. Skodje er kjent for å ha eit veldig godt og aktivt idretts- og kulturmiljø.

Trivsel

I Storbakken er det sett av fleire mindre uteområder til felles leikeplassar. Her vil vi sette opp leikeapparat og benkar slik barna kan boltre seg og dei vaksne bli kjende med sine nye naboar. I tillegg har du flott turterreng like utanfor husveggen.

Bilder fra Storbakken - Leilegheiter i 2-mannsbustad

Storbakken - Leilegheiter i 2-mannsbustad - salgsoversikt

Salgsinformasjon

Jofrid Hatlehol

Mob: 970 12 140 E-post: jofrid@morehus.no