"You are here: "

You are here

Einebustad Vallegrenda - Skodje

project-image

Planlagt einebustad over to plan med frittståande carport på svært sentral tomt i Vallegrenda bustadfelt. Bustaden vert levert med god standard og praktisk planløysing, og står fram som lettstelt og moderne. Overbygd inngangsparti både ved hovedinngang og ved sportsbod i carport, og separat inngang til vaskerom. Kjøkkeninnreiing med integrerte kvitevarer, to flislagte bad med veggmonterte toalett og fine baderomsinnreiingar, høgtrykkslaminat på golv og ferdig malte glatte veggar. Ytterste del av entre vert flislagt og har varmekablar. Skyvedørsgarderobe på største soverom, dei øvrige soveromma har garderobeskap.

Svært praktisk planløysing med 4 (evt. 5) soverom, kjøkken/stue, loftsstue (kan evt. nyttast til soverom), vaskerom, bod og bad i begge etasjar. Hovudinngang i 1. etasje frå gardsplass på austsida. Planlagt med frittståande carport med sportsbod. Perfekt for til dømes den aktive barnefamilien som har vokse ut av bustaden dei bur i, eller for dei som ønskjer seg ein mindre og meir lettstelt bustad enn den dei har i dag.

Bustaden skal førast opp på gardsnr. 513 bnr. 167, og vil ligge like ved Valle barnehage og Valle barneskule. Digerneset næringspark ligg berre 5 minutt frå Valle med bil, og er eit knutepunkt med butikkar, tilbod og arbeidsplassar. På Digerneset har det skjedd ei formidabel utbygging dei siste åra, og det er i tillegg gjort avtalar med fleire store aktørar om ei framtidig utbygging som vil gjere området endå meir attraktivt. Valle ligg i kort avstand til Ålesund og omegn. Køyretid til Moa omlag 15 minutt, og Ålesund sentrum omlag 25 minutt.

Bustaden har privat tomt, og har eiga innkøyrsle med god tilkomst og godt med parkeringsareal. Oppstart og overtakelse etter nærare avtale. Sjå også fleire perspektiv og bilete frå tilsvarande bustad lengre nede på denne sida.

 

 

 

 

Vedlegg: 
  • 4Boliger
  • 1Ledig
  • 3Solgt

Nærområdet

Plassering

Tomta ligg i eit nyetablert bustadfelt like i nærleiken av Valle barneskule og Valle barnehage. Svært barnevennleg område med gangavstand til barneskule, barnehage, busstopp og daglegvarebutikk.

Vallegrenda bustadfelt

Vallegrenda bustadfelt har ei perfekt plassering med berre eit par hundre meter til ny barneskule og barnehage. Her er bustader for folk i alle faser i livet, og dei nye bustadene ligg i eit hyggeleg område med kort veg ut i naturen.

Skodje

Valle er ein del av nye Ålesund kommune, og har ei sentral plassering med berre 5 minutt køyretid til Digerneset,15 minutt til Moa og 25 minutt til Ålesund sentrum.

Adkomst

Ta av ved krysset på Valle og køyr i retning Glomset/Magerholm. Etter om lag 300 meter ta av til høgre mot Vallegrenda bustadfelt. På venstre side av vegen ligg tomta klar for oppføring av ein ny einebustad.

Bilder fra Einebustad Vallegrenda - Skodje

Einebustad Vallegrenda - Skodje - salgsoversikt

Salgsinformasjon

Jan-Magnus Knudsen

Mob: 996 27 993 E-post: jan-magnus@morehus.no