Bolig | BRA | Soverom | Pris |
---|---|---|---|
Bygg 7, Leil. 1 | 85 | 2 | Solgt |
Bygg 7, Leil. 2 | 85 | 2 | Solgt |
Bygg 7, Leil. 3 | 88 | 2 | Solgt |
Bygg 7, Leil. 4 | 88 | 2 | Solgt |
Bygg 8, Leil. 1 | 85 | 2 | 3 480 000 |
Bygg 8, Leil. 2 | 85 | 2 | 3 480 000 |
Bygg 8, Leil. 3 | 88 | 2 | Solgt |
Bygg 8, Leil. 4 | 88 | 2 | Solgt |
Bygg 9, Leil. 1 | 85 | 2 | 3 480 000 |
Bygg 9, Leil. 2 | 85 | 2 | 3 480 000 |
Bygg 9, Leil. 3 | 88 | 2 | Solgt |
Bygg 9, Leil. 4 | 88 | 2 | Solgt |
Bygg 10, Leil. 1 | 85 | 2 | 3 780 000 |
Bygg 10, Leil. 2 | 85 | 2 | Solgt |
Bygg 10, Leil. 3 | 88 | 2 | Solgt |
Bygg 10, Leil. 4 | 88 | 2 | Solgt |
Bygg 11, Leil. 1 | 85 | 2 | Solgt |
Bygg 11, Leil. 2 | 85 | 2 | Solgt |
Bygg 11, Leil. 3 | 88 | 2 | Solgt |
Bygg 11, Leil. 4 | 88 | 2 | Solgt |
Dette er ein av dei lunaste og mest solrike plassane på Skodje, og kan i tillegg by på ei fantastisk utsikt mot både fjord og fjell. Området ligg under fjellfoten der stien til Nihusen startar. Her held vi på med ei etterlengta utbygging der målet vårt er å skape eit godt bumiljø for alle.
Alle bustadane ligg på sørvendte tomter med gode solforhold og flott utsikt mot Skodjevika. Dei to første 4-mannsbustaden i feltet (bygg 11 og bygg 7) er ferdige, og alle leilegheitene er selde. I dei tre siste 4-mannsbustadene, bygg 8, 9 og 10, er her ledige leilegheiter. Sjå oversikt som viser kva for leilegheiter som er ledige. Leilegheit nr. 1 i bygg 10 er no heilt ferdigstilt, og vert selt klar til innflytting. Ferdigstilling av ledige leilegheiter i bygg 8 og 9 etter nærmare avtale.
Leilegheiter i 4-mannsbustad er tradisjonelt ein svært attraktiv bustadtype. Den eignar seg for fleire aldersgrupper, like bra for dei godt vaksne som flyttar frå einebustaden sin som for single eller unge par som er på jakt etter ein god stad og etablere seg.
Dette er praktiske leilegheiter som inneheld entrè/gang, to soverom, stue/kjøkken, bod og bad/vaskerom. Alle leilegheiter har ein parkeringsplass i carport, og separat sportsbod i carport. Dei fleste av leilegheitene i underetasjen har også ei ekstra utebod på nedsida av carporten. Leilegheitene har utgang frå stue til terrasse. Terrassane til leilegheitene i 1. etasje vert bygd med tredekke og rekkverk. Terrassedekket er tett, slik at leilegheitene i underetasjen får overbygg/tak over sin terrassedel. Delar av hage er eksklusivt areal for leilegheiter i underetasjen. Leilegheitene har ei opa og fin stue/kjøkkenløysing med god plass til både spisebord og sofagruppe. Store, lave vindauge på stue gir mykje lys inn i bustadane. Entrèen er romsleg med skyvedørsgarderobe i klart speil, og her er takoverbygg over inngangspartia. Alle leilegheitene ligg fint plassert i feltet, og har grøntområde og friareal/leikeplass i nærleiken.
I feltet er det opparbeidd fleire mindre leikeplassar der barna kan få utfalde seg, og dei vaksne bli kjende med sine nye naboar. Det er gangavstand til barnehage, Skodje barne- og ungdomsskule og til sentrum som har eit breitt og variert servicetilbod. Kulturhus, treningssenter, omsorgssenter, lege, tannlege og fleire daglegvarebutikkar m.m. finn du her. Digerneset næringspark er berre nokre minutt unna med bil, og køyretid til Moa 15 minutt og Ålesund sentrum 25 minutt.
Skodje har eit flott fjell- og fjordlandskap med gode vilkår for friluftsliv. Ein variert natur gir gode føresetnader for ulike aktivitetar for alle aldersgrupper. Nydeleg natur og kjempefine turstiar, skiløyper, idrettsanlegg, golfbane m.m. i nærområdet.
Sjå også fleire perspektiv av bustaden og bilder frå området lengre nede på denne sida.
Jofrid Kontaktskjema
"*" indicates required fields