1. Behovsanalyse og teikning
Dette er kanskje den viktigaste fasen i heile prosessen. Med dette arbeidet vil vi fange opp alle dei sentrale ønsker og krav du har til din nye einebustad. Saman prioriterer og vurderer vi desse opp mot kvarandre. Gjennom ein grundig og konstruktiv dialog finn vi fram til den rette hustypen og dei gode løysingane, som vil gi deg ein bustad med høg nytteverdi. Med bakgrunn i dette vil vår erfarne kunderådgivar og vår eigen arkitekt omarbeide dei første skissene til nøyaktige og målsette husteikningar.
2. Tilbod og byggesøknad
Møre Hus legg stor vekt på å tilby komplette løysingar. Vi utarbeider derfor eit svært detaljert tilbod for at du skal kjenne deg trygg på at du har oversikt over dei totale kostnadane ved huset ditt. I dette inngår også det faktum at vi tek hand om alt papirarbeidet som må til for å oppnå byggeløyve i di kommune. Møre Hus har sentral godkjenning, noko som forenklar denne prosessen.
3. Detaljprosjektering og oppstart
Så snart byggeløyve er gitt, vert det utarbeidd arbeidsteikningar og materiallister. Desse inneheld alle detaljar rundt innreiing og materialval. Deretter er det klart for første spadetak og ei spennande tid tek til. Våre prosjektleiarar har solid erfaring, og vil gjennom ein grundig kvalitetskontroll sikre ein smidig byggeprosess.
4. Overtaking
Draumehuset er ein realitet! Før du flyttar inn, har vi saman ein grundig gjennomgang og kontroll for å sikre at din nye heim svarer til dine forventningar og våre kvalitetskrav.
Jan-Magnus Kontaktskjema
"*" indicates required fields