Bolig BRA Soverom Pris
Bygg 1 - Leil. 18623 645 000
Bygg 1 - Leil. 28623 645 000
Bygg 1 - Leil. 3882Reservert
Bygg 1 - Leil. 4882Solgt

Mellom blå fjord og grøne markar skal det etter kvart byggast fire nye bustader med til saman 16 leilegheiter. Det nye bustadområdet Haugen ligg i tilknyting til eit allereie etablert bustadområde, og har flott utsikt mot nærområdet, fjella og Grytafjorden. Her er det solrikt og landleg, samtidig som det er kort avstand til det meste.

Vi er no godt i gang med bygginga av den første 4-mannsbustaden. Dette er store og praktiske leilegheiter med alt på eit plan som inneheld stue/kjøkken, to soverom, entre/gang, bod og bad/vaskerom. Kvar leilegheit har ein parkeringsplass i carport, og separat sportsbod i carport.

Leilegheitene har utgang frå stue til balkong/terrasse. Balkongane til leilegheitene i 1. etasje vert bygd med tredekke og rekkverk. Terrassedekket er tett slik at leilegheitene i underetasjen får overbygg/tak over sin terrassedel.

Bustadane har ei sentral plassering samtidig som dei ligg i eit fredeleg og veletablert bustadområde. Med kort køyretid både til Digerneset (10 min.), Moa (20 min.), Ålesund sentrum via Ellingsøya (25 min.) og Brattvåg (15 min.) er Eidsvika sentralt for dei fleste. Gangavstand til barnehage, barneskule, ungdomsskule, butikkar, idrettsanlegg, Eidet kulturhall, omsorgssenter, legekontor, busstopp m.m. gjer Eidsvika til ein attraktiv stad å bu for svært mange.

Området er dei seinare åra utbygd med einebustader, småhus og lavblokker, og er ein del av eit lite lokalsamfunn med bustader for folk i alle livsfasar.  Naturen i området er eit eldorado for alle som er glade i å vere ute, her er mellom anna ei badestrand innerst i fjorden, flotte turstiar i nærområdet og sjøen som næraste nabo.

 

Jofrid Hatlehol

Salsleiar / Prosjekt

jofrid@morehus.no

970 12 140

Jofrid Kontaktskjema

"*" indicates required fields

Dokumenter & lenker