Bolig | BRA | Soverom | Pris |
---|---|---|---|
Bygg 5 – Leil. 1 | 77 | 2 | 3 390 000 |
Bygg 5 – Leil. 2 | 77 | 2 | 3 390 000 |
Bygg 5 – Leil. 3 | 78 | 2 | 3 640 000 |
Bygg 5 – Leil. 4 | 78 | 2 | 3 640 000 |
Bustadane har eit moderne uttrykk med ein stram arkitektur. Her er store homogene flater i same fargar og materialar, og mange av kvalitetane har arkitekten valgt å framheve ved å bruke fargar og materialar. Skråtaket gir bustaden eit uttrykk som er både moderne og tidlaust på same tid.
Leilegheitene inneheld stue/kjøkken, to soverom, gang, bad, innvendig bod og utebod. Alle leilegheiter har utgang til balkong eller markterrasse, og kvar leilegheit vil få ein parkeringsplass i carport der ein kan plassere bilen i le for vèr og vind. Sportsbodene ligg på sida av bustaden tett opp til inngangspartiet til leilegheitene slik ein har enkel tilgang. Veg og parkeringsareal vert asfaltert i samband med ferdigstilling av prosjektet.
Jensvika bustadfelt ligg svært usjenert til nede ved sjøen, og har ei roleg og idyllisk plassering med nydeleg utsikt mot fjord og fjell. Dei første einebustadane er no ferdige og overtatt av kjøparane, nokre er under bygging, og nye bustader skal om kort tid startast opp. Dei fleste tomtene i feltet er planlagt for utbygging av einebustader, men her er nokre mindre områder som er sett av til tettare utbygging.
Det er gangavstand til Digerneset næringspark som dei siste åra har utvikla seg til å verte eit knutepunkt i vårt område. Her har det vore ei formidabel utvikling med etablering av ulike butikkar, tilbod og arbeidsplassar. Jensvika bustadfelt har ei svært sentral plassering med køyretid til Digerneset på 3 minutt, til Moa 12 minutt og Ålesund sentrum 22 minutt. Feltet ligg på nordsida av E-39 ved Svorta. Når ein køyrer frå Digerneset i retning Valle tek ein av mot Svorta etter omlag ein kilometer. Vegen til feltet er godt merka med skilting. Sjå også fleire perspektiv av bustaden og bilete frå feltet lengre nede på denne sida.
Jofrid Kontaktskjema
"*" indicates required fields