Vår kunnskap er den beste garanti for ei vellukka realisering av husdraumen din. Vi kan både teikne bustader heilt frå “scratch” eller spesialtilpasse dei hustypane du finn i vår omfattande huskatalog.

Møre Hus 1

Nordisk uttrykk, moderne utan takutstikk. Ståande kledning med bruk av fasadeplater for framhevingar i fasadeliv.

Kompakt bustadvolum over to plan, hems i bakkant med store takvindu for eit delvis tredje plan. Garasje i tilknyting til bustad med gjennomgang i vaskerom.

Bustad er oppført på flatt terreng i byggefelt med avgrensningar i tomteareal og maks høgde som måtte takast hensyn til.

Stuevindu i gavlvegg er trekt inn, asymmetrisk møne. Overbygg på uteplass i front, og på sida som hagestove.

Nøkkeltall

  • Bruksareal bustad: 164 (229)
  • Antall soverom: 4/5
Møre Hus 2

Nordisk uttrykk, moderne utan takutstikk. Ståande kledning med bruk av fasadeplater for framhevingar i fasadeliv.

Bustadvolum over to plan, frittståande garasje. Hovudinngang i mellombygg som koblar stove/kjøkken saman på hovudplan.

Bustad er forma med utgangspunkt i to kataloghus, planløysing er henta frå den eine bustaden, fasadeuttrykk frå den andre.

Utgang til terreng frå hovudopphaldsareal, soverom i hovudsak i 2. etg med loftstue i gavl mot utsikt.

Nøkkeltall

  • Bruksareal bustad: 180,1 (183,2)
  • Antall soverom: 4/5
Møre Hus 3

Nordisk moderne uttrykk. Ståande kledning med bruk av fasadeplater for framhevingar i fasadeliv.

Bustad på eitt plan med frittståande carport. Sportsbod saman med hovudinngang.

Bustad er utforma med utgangspunkt i kataloghus frå Systemhus, hovudopphaldsrom i gavl i front, soverom i bakkant

Utgang til terreng via overbygd uteareal.

Nøkkeltall

  • Bruksareal bustad: 122,8 (155,2)
  • Antall soverom: 3
Møre Hus 4

Moderne bustad med flatt tak over to plan med integrert garasje og hagestove.

Reine moderne linjer, ståande kledning med innslag av fasadeplater spilar og glassrekkverk.

Ekstra etasjehøgde (2,7m)  i 2. etg for romslegare og meir opent volum.

Stor stue/kjøkken i 2.etg med adskilt soverom med eige bad og walk-in garderobe.

Nøkkeltall

  • Bruksareal bustad: 242,6 (348,8)
  • Antall soverom: 4
Møre Hus 5

Stor moderne bustad over tre plan med flatt tak. Bordkledning og murpuss for å framheve uttrekte parti.

Stove i front i 2. etg har to meter utkraga spenn over rom i underetasje. Tilbaketrekt 3. etg med overbygde parti og 360gr utsikt.

Etasjehøgde 2,7 meter i 1. og 2. etg for lysare og meir opent volum.

Nøkkeltall

  • Bruksareal bustad: 348,9 (509)
  • Antall soverom: 4/5
Møre Hus 6

Stor moderne bustad over to plan med flatt tak. Garasje som tilbygg, med eit opent overbygg som bind den saman med bustaden.

Store og overbygde terrasseareal. Trapp er plassert i eit glassbygg på utsida av bustaden i samband med hall som bind saman opphaldsrom og soverom.

Pipe er plassert for å ha moglegheit for eldstad ved kjøkken i 1.etg og på overbygd uteplass i 2.etg.

Nøkkeltall

  • Bruksareal bustad: 246,8 (470,5)
  • Antall soverom: 3/4
Mauritz M. Skiri

Arkitekt / Bygningsingeniør

mauritz@morehus.no

924 80 620

Jan-Magnus Knudsen

Dagleg leiar

jan-magnus@morehus.no

996 27 993

Mauritz Kontaktskjema

"*" indicates required fields